Kraftig vind kasta denne tilhengaren i rekkverket på brua

Eit kraftig vindkast gjorde at denne tilhengaren nesten hamna over rekkverket og falt dei 45 meterane ned i sjøen på Skarnsundbrua i Trøndelag.

Skarnsundbrua

FLAKS: Berre flaks gjorde at vinden kasta tilhengaren i rekkverket og ikkje over.

Foto: Politiet

– Det er vind over heile distriktet, seier operasjonsleiar hos politiet i Trøndelag, Svein Åkervik.

Sidan han kom på vakt i dag har det kome inn fleire meldingar til politiet i samband med kraftige vindkast i heile fylket.

I Nærøysund hamna ein buss med ti elevar av vegen. Alle om bord i bussen kom uskadd frå utforkøyringa.

Også i Melhus tok vinden tak i en buss og blåste den av E6. Der var det kun en sjåfør om bord som kom uskadd fra det.

På Skarnsundbrua i Inderøy tok vinden tak i en tilhenger og greide nesten å blåse den over rekkverket på brua som henger 50 meter over sundet.

– Vi har også hatt en del meldinger på takplater som har løsna. Nå har det kommet ei melding om et stillas som står og svaier i vinden på Risvollan i Trondheim.

Rekordsterkt vindkast

Twitter melder Adresseavisens pensjonerte værreporter, Torsten Hanssen, at det er sett ny rekord for vindkast i Trøndelag i mars.

På ein målestasjon på Storhornet i Trollheimen blei eit vindkast målt til 52 meter per sekund.

Dette er eit av dei sterkaste vindkasta nokonsinne, skriv Hanssen, og truleg det sterkaste vindkastet som er målt sia nyttårsorkanen i 1992. Då blei det målt eit vindkast på 55 meter per sekund ved Halten fyr.

Skulebuss velta

Uvêret held fram med å skape trøbbel på fjellovergangane mellom aust og vest. Fleire vogntog slit med å komme fram på Austlandet etter snøfall.

Det er venta meir snø utover dagen og politiet oppfordrar bilistar til å køyre etter forholda. Dei ber vogntog ha kjettingar klare til bruk.

Buss på E6 retning Lundamo i Melhus kommune

HAMNA UTFOR: Denne bussen køyrde sørover på E6 retning Lundamo i Melhus kommune. Om lag to kilometer før sentrum tok vinden tak i bussen og blåste den av vegen. Sjåføren var aleine i bussen og vart ikkje skadd.

Foto: NRK-tipsar

Denne bussen køyrde sørover på E6 retning Lundamo i Melhus kommune. Ein skulebuss med ti barn velta i den sterke vinden mellom Kolvereid og Foldereid i Nærøysund kommune i dag tidleg. Verken barn eller sjåfør vart skadde, ifølgje politiet.

Stengde fjellovergangar

Det dårlege vêret stengjer ei rekkje fjellovergangar i Sør-Noreg natt til torsdag. Også fleire ferjesamband er innstilte.

Slik er statusen på fjellovergangane i Sør-Noreg:

  • E134 Haukelifjell: open
  • Rv7 Hardangervidda: stengt
  • Fv50 Aurland – Hol: open
  • Rv52 Hemsedal: open
  • E16 Filefjell: ope, tunge køyretøy må bruke kjetting
  • Fv53 Tyin – Årdal: stengt, blir ikkje opna i dag
  • Rv13 Vikafjellet: stengt, ny vurdering i fredag klokka 9
  • Fv27 Venabygd: stengt
  • E6 Dovrefjell: open
  • Rv15 Strynefjellet: open
  • Rv3 Kvikne: open

I nord:

  • Fv891 Båtsfjordfjellet: stengt
  • Fv890 Kongsfjordfjellet: kolonnekøyring kl. 0630
  • E6 Mjåvatn, Vefsn: kolonnekøyring
  • E6 Saltfjellet: stengt

I tillegg er

  • Fv705 Røros-Tydal stengt grunna sterk vind og dårleg sikt
  • Fv6532 Røros-Stengt mellom Glåmos og Myrmoen.
  • Fv45 Hunnedalen stengt grunna dårleg vêr
  • Fv 6516 Oppdal-Rennebu stengt mellom Nerskogen og Vognill.

Fleire ferjesamband er innstilt:

  • Ferjesambandet Utne-Kvanndal innstilt
  • Ferjesambandet Buavåg-Ekornsætre: innstilt
  • Ferjesambandet Bastø Fosen, Horten-Moss: innstilt
  • Ferjesambandet Skei-Gutvik: innstilt

Ved Kvamskleivtunnelen på E16 i Vang i Valdres var det full stopp i trafikken grunna fleire vogntog som ikkje kom seg vidare. No er vogntoga berga og vegen opna, og politiet dirigerer trafikken på staden.

Laster Twitter-innhold

Fylkesveg 5410 på Nesheimsfjellet mellom Teigdalen og Eksingedalen blei stengd klokka 22 grunna uvêr. No er vegen open igjen.

Vogntog blåste av vegen

Onsdag blei det åtvara med gult varsel for vindkast for store delar av Sør-Noreg.

I Romsdalen bles to vogntog av vegen på E136 ved Marstein. Det skal vere svært glatt på staden. Ein førar blei sjekka av ambulansepersonell.

Seinare blei det meldt at eit nytt vogntog og ein lastebil hadde køyrt av vegen på den same strekninga.

VOGNTOG AV VEGEN: Fleire køyretøy har køyrt av vegen i Romsdalen.