I tillegg må bygningar ved det nedlagte verket rivast.
Opprydninga av området ved Odda Smelteverk vil bli kostbar.
300 tonn slam som mellom anna inheld det kreftframkallande stoffet PAH står lagra i kontainarar midt inne på smelteverkstomta i Odda.
- Det er karatrisert som spesialavfall og det må håndterast som spesialavfall, seier Arne Mæland som fram til konkursen for to veker sidan var ein del av leiinga ved bedriften.
Kostbart
Før den attraktive tomta kan brukast er dette det første som må fjernast og destruerast - ein kostnad på ein til to millionar kroner.
- Hvis ikkje det er noen som er villig til å investera i den destrueringa, så kan vi risikera at det blir ståande her og tomta blir lite attraktiv, seier Mæland.
Men deler av den gamle bygningsmassen kan neppe brukast når ny aktivitet skal skapast og fleire titalls milionar kroner må investerast berre i riving.
- Rivningskostnada her har jo vi fått estimert, berre for smeltehuset og kalkovnar på bortimot 30 millionar kroner, fortel den tidlegare leiaren ved smelteverket.