Kim Christer Hylland (32) var 12 år gamal då Odda smelteverk vart lagt ned.
I mange år stod tomta tom. Som ein spøkelsesby.
Dei siste åra har det blomstra litt på tomta midt i Odda sentrum.
Men no er det eit anna spøkelse som stoppar utviklinga.
Ei flodbølge.

Kremtomta som står på vent

Flaumtrussel stoppar Kim Christer sin urbane draum.

I 1906 starta bygging av ein karbidfabrikk i Odda.

På eit tidspunkt var den verdas største karbidprodusent.

På det meste gav Odda smelteverk arbeid til 1300 personar.

Men i mars i 2003 var det slutt.

Det er lite Kim Christer hugsar av ein fabrikk i drift.

Då han var yngre sneik han seg inn i dei nedlagde fabrikkbygga.

Her drøymde han seg vekk.

«– Eg var fasinert av smelteverket. Det såg ut som at alle berre hadde forlate staden. »

Kim Christer Hylland

Lenge var det usikkert kva som skulle skje med tomta.

Diskusjonane var heftige.

Åra gjekk.

Men så byrja ting å skje.

Arbeidet starta så smått med å få nytt liv på den gamle tomta.

I bygget der fabrikkarbeidarane vaska seg, er det blitt litteraturhus.

Her er Kim Christer dagleg leiar og har store planar.


I lagerbygget har helsestasjonen flytta inn i nyoppussa lokale.

Noregs einaste offentlege smedutdanning finn du i den gamle smia.

Nye butikkar og tenester har funne vegen til tomta.

Og mykje meir var planlagt.

Men så skulle det igjen stoppa opp.

«Er det mogleg å ha så ekstremt uflaks? »

ordførar Roald Aga Haug, Ullensvang

For no set faren for ei 1000-årsbølge og 5000-årsbølge utviklinga på vent.

Eit fjellskred langs Sørfjorden kan i verste fall sende ei flodbølge på 30 meter innover Odda.

Det har gitt store avgrensingar for kva og kor det er lov å bygga.

Som til dømes prosjektet med hotell under skalltaket er sett på vent.

Det er og planane om leilegheiter og hotell på kaiområdet.

Eigedomsutviklaren A. Utvik hadde planar om fleire nye leilegheiter.

«Vi måtte stoppa framdrifta for prosjektet. Det var eit sjokk. »

Espen Nordal i A. Utvik

Dei har tatt risikoen og startar på det tredje byggeprosjektet.

Og kryssar fingrane for at reglane blir justerte.

Ordføraren hadde aldri trudd at planar skulle stå på vent grunna trusselen for ei flodbølge.

«Risikoen for flodbølge er ørliten, og det kan ikkje lamma samfunnet så dramatisk. »

ordførar Roald Aga Haug

No er det opp til regjeringa å avgjera framtida.

I januar gjekk høyringsfristen ut der det ligg forslag om endringar i byggereglane.

Ordføraren i Ullensvang håpar dette snart kjem på plass.

Det gjer og Kim Christer som håpar utviklinga på tomta kan halda fram.

Og at det kjem fleire naboar på tomta.

«Eg trur det kan bli eit «jækla kult» og urbant område med eit yrande liv. »

Kim Christer Hylland
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal