Hopp til innhold

Smelteverket kan likevel bli freda

Deler av smelteverket i Odda kan bli freda, sjølv om oddingane sa nei til å søke om å få det inn på FN si verdsarvliste.

Smelteverket i Odda.

Deler av Odda Smelteverk kan likevel bli freda.

Foto: Engen, Torolf, Torolf Teigen / SCANPIX

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd er i ferd med å sende ut ei varsling til Odda kommune om å freda Odda smelteverk permanent.

Han seier saka blir prioritert og avslutta så raskt som mogeleg.

 - Det vi skal jobbe med nå er å få på plass en endelig og avklart fredning, seier Ekerhovd.

- Kulturminneverdiene er ikke blitt mindre selv om folket i Odda har stemt nei til å forsøke å få det inn på verdensarvlisten. Det betyr bare at vi må se litt nærmere på virkemidler vi kan bruke for å få til en bevaring som er levelig for lokalsamfunnet.

Odda kommune kjent med planane

Ordførar Toralv Mikkelsen i Odda er kjent med at riksantikvaren kan kome til å frede deler av smelteverket. Men utan pengestøtte frå UNESCO kan dette bli ei utfordring.

- Det som vi då ikkje veit er på ka måte skal ein tilføre desse kulturminnene økonomiske midler. Slik eg har forstått dette så må ein arbeide frå år til år og søke å få tilført så mykje midler som mogeleg via statsbudsjettet, seier Mikkelsen.