Hopp til innhold

Vinkorkar frå Portugal kan verte miljøløysing på norske leikeplassar

NORDNESPARKEN (NRK): Nytt materiale vert testa ut på leikeplassar som erstatning for miljøskadeleg gummi.

Fallunderlag i kork på leikeplass ved Corpse de Garde i Bergen.

KORKLAGT: Her er det allereie lagt kork som fallunderlag under eit leikestativ.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Gummien som er mykje brukt som fallunderlag på norske leikeplassar har lenge vore gjenstand for debatt.

Årsaka er at den har vist seg å gje frå seg miljøskadeleg mikroplast.

No skal kork frå vinkorkproduksjon i Portugal testast som eit mogleg alternativ til gummi. Pilotprosjektet blir gjennomført i Bergen og Oslo.

– Det er målet om å redusere plastbruk som er drivkrafta bak forsøket, seier programansvarleg for satsinga Barnas byrom i Bergen kommune, Alexandra Altermark.

Leikeplass på Nordnes under oppgradering.

TESTOMRÅDE: På denne leikeplassen i Nordnesparken skal korken utsetjast for vêr og vind.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Håpar på kork

I fjor gjorde bystyret i Bergen om på vedtaket om fjerning av gummidekka.

Grunngjevinga var at det ikkje fanst eit godt nok alternativ som sikra tryggleik og krava til universell utforming som skal sikre tilgjengelegheit for alle.

No kan altså kork verte redninga og løysinga.

– Kork er eit naturprodukt, då den er laga av bark frå tre. Korken som skal brukast her i Nordnesparken er eit biprodukt frå vinkorkproduksjon i Portugal, og er altså det same produktet som korken ein finn i vinflasker, seier byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke frå Miljøpartiet Dei Grøne i Bergen.

Thor Haakon Bakke

HÅPEFULL: Thor Haakon Bakke (MDG) har tru på kork, men medgjev at det enno ikkje er sikkert at korken vil tole vinteren.

Foto: Miljøpartiet De Grønne i Bergen

Usikkert om korken vil tole naturkreftene

Det store spørsmålet som testprosjektet skal gje svar på, er om korken kan måle seg med gummien når det gjeld haldbarheit.

Den skal tole leikande born og hardt bergensvêr for å kunne takast i bruk i eit større omfang.

Testområdet ytst på Nordnes er derfor ikkje tilfeldig vald.

– Det er ein bra stad å teste ut korken med tanke på salt, fukt, vind og vêr som vi har mykje av i Bergen, seier Altermark.

Om cirka eitt år vil ein kunne konkludere med om korken har bestått eldprøven.

– No har vi ein vêrhard vinter framfor oss, der vi får testa ut effekten av klimaet. Og så vil jo leikeplassen brukast mykje av bergensborna til våren og sommaren, der vi får testa slitasjen, seier Bakke, som har store forventingar til korken.

Om korken står seg vil den kunne tre inn som fallunderlag på fulltid.

Gummiunderlag

MILJØSKADELEG: Gummigranulatet gjev frå seg mikroplast som blir spreidd ut i naturen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Må rekne ut det totale klimagassavtrykket

Det er derimot eitt spørsmål som står att: Korken sitt totale klimaavtrykk.

Ifølgje Bakke er det nemleg ikkje berre haldbarheita som må takast omsyn til for at korken skal kunne brukast i større omfang enn i dag.

– Vi må også sjå på det totale klimarekneskapen. Korken skal transporterast frå Portugal, samt at det blir brukt mykje lim og aceton, så det må vi også sjå på i løpet av det neste året.

Om korken scorar på alle punkt kan ein byrje å fase ut det miljøskadelege gummidekket på leikeplassane.

Alexandra Altermark kan stadfesta at kommunen jobbar med ein plan for dette.

– Alt kan ikkje fjernast på ein gong, så det er viktig å prioritere den eldste gummien fyrst, som har størst fare for oppsmuldring. Deretter kan ein fortløpande skifte ut gummien der det oppstår vedlikehaldsbehov.