Hopp til innhold

Kongens lakseelv kan bli stengd i fem år: – Vi blir straffa for det andre gjer

LÆRDAL (NRK): Det var full jubel då Lærdalselvi i 2017 vart friskmeld frå parasittar. No kan laksemangel føre til fiskeforbod. Det skapar stor fortviling.

Kong Harald får laks i Lærdalselvi

2016: Etter ein kort kamp fekk den røynde sportsfiskaren kong Harald henta inn laksen i Lærdalselvi i 2016.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Miljødirektoratet vil stenge Lærdalselvi for laksefiske i fem år. Årsaka er svake fangstresultat dei siste sesongane.

– Verre julegåve enn dette kunne vi ikkje fått. Det er mange familiar langs elva som har dette som ein viktig del av inntekta si, seier elveeigar Mark Brooks i Lærdal til Sogn Avis som først skreiv om saka.

Lærdalselvi

DRONNING: Lærdalselvi i Sogn er eit nasjonalt laksevassdrag, og har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene. Elva har blitt kjend som Dronninga av lakseelvar

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lærdalselvi i Sogn er eit nasjonalt laksevassdrag, og har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene. Elva har blitt kjend som Dronninga av lakseelvar, og hit kjem mellom anna kong Harald for å fiske.

Stengd i fleire år

Elva var i mange år stengd for laksefiske etter at parasitten gyrodactylus salaris blei oppdaga på laksen i elva i 1996. Hausten 2017 blei elva friskmeld.

Men no kan det altså bli slutt på laksefiske i denne elva i fem år framover. Det uroar elveeigar Per Severin Hjermann.

– Dette får ganske store konsekvensar både for elveeigarane og lokalsamfunnet, og vil gå utover skatteinntekter, butikkar og serveringsstader. Det er mange som har basert økonomien sin på elveinntekter, seier han.

Ifølgje Norske lakseelver omset sportsfiske etter laks i Noreg for cirka 1,3, milliardar i løpet av tre hektiske sommarmånader.

Ordførar Audun Mo (Ap) seier det er synd for lokalsamfunnet dersom elva må stenge.

– På grunn av elva blir det lagt igjen mykje pengar opp gjennom heile dalen. Vi er også kjende for Lærdalselvi, så dette er ikkje bra for oss, seier han.

Audun Mo er klar for å ta over ordførarvervet i Lærdal

– IKKJE BRA: Ordførar Audun Mo (Ap) er samd med elveeigar Hjermann i at ei stenging vil vere negativ for Lærdal som samfunn.

Foto: Bård Siem / NRK

Usamd i avgjerda

Hjermann er svært kritisk til at Miljødirektoratet foreslår å stenge elva. Det er det fleire grunnar til.

– Dersom ein ser på innsiget i år så er det så høgt at vi truleg når målet for gytebestanden. Men dei får ikkje tald all fisken frå land. Produksjonen av smolt er god, og det er lite fisk som døyr på grunn av fiske, seier han, og held fram:

– Det er ikkje her i elva problema ligg, så vi blir straffa for det andre gjer.

Per Severin Hjerman, elveeigar

KRITISK: Elveeigar Per Severin Hjermann seier stenginga av elva får store konsekvensar for fleire.

Foto: Aleksander Åsnes

Miljødirektoratet har tidlegare sendt saka på høyring. Dei har fått inn over 250 høyringsuttaler før dei leverte den endelege tilrådinga, blant anna får elveeigarlaget i Lærdal.

Trass i deira tilbakemelding, stod direktoratet fast på at elva må stenge for laksefiske i fem år.

Saka er no til vurdering i Klima- og miljødepartementet som skal ta den endelege avgjerda.

– Vi kan enno ikkje seie når denne er klar, opplyser departementet.

Ikkje nok fisk

Kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas i Norske lakseelver seier at det er nesten 500 elvar som blir stengde for laksefiske i ein femårsperiode. Dei fleste er småelevar der ein ikkje veit noko om bestandssituasjonen eller fordi det ikkje blir rapport frå fiske i desse elvane.

– Det er eit fåtal større elvar som blir stengde, mellom desse Lærdalselvi, seier han.

Pål Mugaas

RAMMAR FLEIRE: Kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas i Norske lakseelver seier at det er nesten 500 elvar som blir stengde for laksefiske i ein femårsperiode.

Foto: Ayna Heilong

Mugaas fortel at det har gått treigt å bygge opp igjen stammen etter at den var stengt grunna parasittar.

– Lakseelvane blir styrte av dei lokale elveeigarlaga, og dei har ansvaret for at målet for gytebestand blir oppnådd. Dette er eit tal som definerer kor mykje holaks som skal stå igjen i elva etter at fiskesesongen er over. Lærdal oppnår dessverre ikkje dette, forklarar han.