10-åringen hadde rolle som Kong Sverre i jubileumsspelet "Kong Sverre den djuptenkte" framført av 60 elevar i 1. til 4. klasse. Soga seier at det var kongen som i si tid sytte for at Vangen kyrkje vart bygd, etter at han nesten hadde mista livet oppe i fjellet.
No feirar kyrkja 800 års jubileum, og både soknepresten og biskopen tok i mot kongeparet då dei kom til jubileumsgudstenesta.
Konge og dronninga møtte biskop Ole D Hagesæter og sokneprest Åse Kristin Nøkling Aagaard. (Alle foto: Ragnvald Søgnesand, NRK)
Etterpå var det klart for jubileumsspelet på torget der 10 år gamle Brede Tokvam altså hadde rolla som kong Sverre. Ronja Martine Hagan Bølge var brur i sluttscena av spelet, og overrekte brudebuketten til Dronning Sonja.
Etter at spelet var vist fekk Brede Tokvam møte Kong Harald og Dronnning Sonja. Då han tidlegare på dagen fekk spørsmål om kva han skulle seie til dei to, svara han at han ikkje hadde tenkt så mykje på det. Under møtet fekk han spørsmål frå dronninga om han syntest det var kjekt å spele skodespel. - Veldig kjekt, lydde svaret før dei to gjestane gjekk vidare.
Unge kong Sverre helsar kongen
På veg ned mot kaien før avreise møtte også kongen og dronninga Anders Ohnstad, lektor og lokalhistorikar. Han er innehavar av Kongens Fortenestemedalje i gull, og er den som har gjort grunnarbeidet for sogespelet.