Hopp til innhold

No er kona også sikta i Paradis-saka

Kona til den 60 år gamle rumenaren er også sikta for menneskehandel.

Menneskehandel på Paradis

MENNESKEHANDEL: No er også kona til den 60 år gamle rumenaren sikta, etter avsløringa av at om lag 30 personar budde i dette huset på Paradis.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Jørn Solsvik

ETTERFORSKAR VIDARE: Seksjonsleiar Jørn Solsvik i politiet seier dei held fram etterforskinga i saka.

Foto: NRK

– Eg kan stadfesta at ei kvinne blei pågripen i helga, sikta for menneskehandel, seier seksjonsleiar for organisert kriminalitet i Hordaland politidistrikt, Jørn Solsvik, til NRK.no.

Det var Bergens Tidende som først melde om pågripinga, som skjedde i helga.

– Kvinna er avhøyrd i dag og sett fri, men er framleis sikta i saka, seier Solsvik.

Han understrekar at etterforskinga i saka held fram.

Stakk av då politiet kom

Den 60 år gamle rumenaren blei pågripen og sikta etter ein aksjon mot eit bustadhus sist tysdag.

Eit tjuetals personar sprang frå staden då politiet dukka opp.

Inne i huset fann politiet reiskapsrom og små kott som var brukt til soverom. Dei mistenkjer at nærare 30 personar budde i huset.

Mistanken svekka

60-åringen stod som leigetakar for huset. To dagar seinare blei han sett fri, men han er framleis sikta i saka.

Solsvik stadfesta då at mistanken om menneskehandel ikkje var styrka.

– Den er nok litt svekka, sa Solsvik.

Les også: Skeptisk til skuldingar om menneskehandel | – Vondt å sjå at folk bur under uverdige forhold | – Vi veit at somme leiger hus og fyller dei opp med landsmenn