Norske kommunar og fylkeskommunar treng 11 milliardar kroner i ekstrainntekter for å unngå kutt neste år.
Det viser den nye budsjettundersøkinga til interesseorganisasjonen til kommunesektoren, KS.
Underskotet er fordelt slik:
- Kommunane: 9 milliardar kroner.
- Fylkeskommunane: 2 milliardar kroner.
Over halvparten av kommunedirektørane ventar at det blir fleire sosialhjelpsmottakarar neste år.
NRK har tidlegare identifisert omsorgssektoren og utvida tenestetilbod til «ressurskrevjande brukarar» som to av hovuddrivarane bak kommunekrisa.
KS-leiar Gunn Marit Helgesen seier at den foreløpige handsrekkinga på 4,3 milliardar kroner frå staten ikkje er tilstrekkeleg.
– Det er ikkje nok til å hindre kutt i mange tenester. Derfor startar mange kommunar på ei heilt nødvendig omstilling med å flytte pengar og ressursar frå barnehagar og skolar til helse og omsorg, seier ho.
I 2022 hadde norske kommunar eit samla disposisjonsfond på 92 milliardar kroner. Sidan har «bufferkontoen» blitt mindre.
Foto: Alf Vidar Snæland– Dette vil få konsekvensar for skolestrukturen
Innan 2030 vil det vere 11.000 færre norske ungdomsskoleelevar, og ytterlegare 20.000 færre innan 2040.
– Dette vil få konsekvensar for skolestrukturen landet over, seier Helgesen.
I undersøkinga svarer éin av fire kommunedirektørar at det er nødvendig å legge ned fleire skolar for å tilpasse seg dei nye realitetane.
I 2022 hadde norske kommunar eit samla disposisjonsfond på 92 milliardar kroner.
Sidan har kommunane tæra på reservane, og «bufferkontoen» har blitt mindre.
Oppdaterte tal for 2024 kjem når SSB publiserer nye «Kostra»-tal i mars.
Norske kommunebudsjett har hamna under lupa i haust. Her eit oppslag i Klassekampen sist laurdag.
– No minkar desse fonda, sa kommunalminister Erling Sande i eit skriftleg svar til Stortinget i november.
Same månad annonserte regjeringa at ho aukar overføringane til kommunane og fylkeskommunane med 5 milliardar i 2025.
Arbeidsminister Tonje Brenna røpte summen da ho la ut eit bilde i sosiale medium før den offisielle pressekonferansen.
På Brenna sitt notat står det:
«5 milliardar i ekstra varig auka overføringar vil ikkje løyse alle utfordringar. Sjølv med desse ekstra midlane vil mange kommunar framleis gjennomføre tøffe prioriteringar lokalt.»
Dette bildet la Tonje Brenna først ut, hvor summen på 5 milliarder ble avslørt ved en feil. Bildet ble senere slettet ...
Foto: Skjermdump Facebook... og erstattet med dette bildet, hvor innholdet på notatene ikke synes.
Foto: Skjermdump Facebook
Kor tøffe budsjettkampane blir, står att å sjå.
Nokre av variablane som vil påverke kommuneøkonomien neste år er følgande:
Økonomisk vekst
Den generelle økonomiske utviklinga i Noreg og utlandet vil framleis vere ein viktig faktor. Om norsk økonomi veks stabilt, vil dette føre til auka skatteinntekter for kommunane.
Rentenivå
Endringar i rentenivået fastsett av Noregs Bank kan påverke lånekostnadene for kommunane. Lågare renter er godt nytt for kommunane, mens høgare renter kan auke lånekostnadene.
Klima og miljø
Kommunane må tilpasse seg klimaendringar, noko som kan innebere investeringar i infrastruktur og beredskapstiltak. I tillegg kan nye nasjonale og internasjonale miljøkrav medføre ekstra kostnader.
Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) og kommunalminister Erling Sande (Sp) har fått eit nytt «nødrop» frå Kommune-Noreg.
Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum / NTBArbeidsmarknaden
Utviklinga i arbeidsløyse og sysselsetting påverkar utgiftene og inntektene til kommunane. Høg arbeidsløyse aukar presset på kommunale tenester og sosialhjelp.
Demografiske endringar
Ei aldrande befolkning kan føre til auka utgifter for kommunane, spesielt innan helse- og omsorgstenester.
Prisvekst
Inflasjon påverkar kjøpekrafta og kan auke kostnadene for varer og tenester som kommunane treng.
Statlege pålegg, normer og lovkrav kveler det lokale sjølvstyret, meiner kommuneorganisasjonen KS. I Voss ber ordførar Tonje Ljones Såkvitne om mindre detaljstyring.
Foto: Turid Rogne / NRK