Hopp til innhold

Kommuner slit med å advare mot «usynlege» farer: – Ønsker ikkje skape frykt

Redsel for å skremme innbyggjarane gjer at kommunar gir for lite informasjon om skjulte helsefarar, som radon, asbest eller virus, syner ny forskingsrapport.

Inngang til fjellbasseng på Kleppe på Askøy

USYNLEG: Då folk på Askøy blei sjuke av drikkevatnet, starta jakta på kjelda. Behovet for informasjon frå kommunen var stort.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Barnehagar med for høge radonnivå, skular med asbest i veggane, eller bakteriar i drikkevatnet.

Alle «usynlege farar» som kan råke innbyggjarar i norske kommunar.

Når ein ikkje kan sjå eller ta på farane, blir kommunar usikre på korleis dei skal informere om dei, viser rapporten frå Norce.

– Kommunane har eit ansvar for å informere innbyggjarane, men dei ønsker ikkje å skape unødvendig frykt og panikk, seier seniorforskar Ruth Østgaard Skotnes ved Norce.

Redde for å skape frykt

Forskarane bak rapporten har undersøkt korleis kommunane Fjell, Øygarden, Lindås og Stavanger har handtert ulike usynlege farar som radonstråling. Det synest mange kommunar var vanskeleg å vite korleis ein skulle informere innbyggjarane om.

Fordi kommunane er redde for å skape unødvendig frykt, kan resultatet bli at dei seier for lite.

Men det er betre å gi informasjon tidleg, sjølv om kommunen ikkje har full oversikt over situasjonen, meiner Skotnes.

– Ein bør kommunisere tidleg og ofte, sjølv når ein er usikre. Om kommunen seier at ein er klar over problemet, handterer det så godt ein kan og prøver å finne ut av faren, kan det dempe spekulasjonar og uro.

Bård Espelid, varaordfører på Askøy

I STORMEN: Bård Espelid fekk ros for å kommunisere tydeleg og ærleg under vasskrisa på Askøy.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Vasskrise blei hyllest

Under vasskrisa på Askøy i 2019 kjempa kommunen mot ein usynleg fiende, då bakteriar i vatnet gjorde mange innbyggarar sjuke. Der viste kommunen at ein kan lære undervegs i krisa, meiner Skotnes.

– Dei fekk etter kvart tilbakemelding på at kommunikasjonen blei betre. Dei var ærlege om det dei var usikre på, og at dette var eit problem dei jobba med.

Då varaordførar Bård Espelid tok over jobben med å informere innbyggjarar og media, fortalde han at det var viktig for han at kommunen var open, audmjuk og tilgjengeleg.

Kommunen inviterte til folkemøte for å dempe frykta blant innbyggjarane.

Bård Espelid på folkemøte på Askøy

ÆRLEG: Bård Espelid stilte på folkemøtet på Askøy. Informasjon kan dempe frykt og uro, sjølv om kommunen ikkje har alle svara, meiner forskarane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sjølv om innbyggjarane var sinte på kommunen, enda Espelid med å få mykje skryt. Ein askøyværing NRK snakka med sa at varaordføraren snakka på ein måte dei forstod.

– Vi forstår din frustrasjon, og du forstår vår frustrasjon.

– Eg set pris på rosen, men for meg er det berre éin ting som gjeld: å fortelje sanninga, svara Espelid.

radongass kilde

FARLEG: Radon i inneluft aukar risikoen for lungekreft. Kommunar som hadde høge radonverdiar, og synest det var vanskeleg å kommunisere det til innbyggjarane på ein god måte, ifølgje rapporten.

Foto: Statens strålevern

Radon-frykt i barnehagen

Usynlege farar skaper ekstra stor frykt om barn blir ramma, ifølgje forskarane.

I 2009 blei det oppdaga radon i Bjorøy barnehage i det som då var Fjell, og som nå er Øygarden kommune. Radongass kan vere kreftframkallande, og mangel på informasjon skapte etter kvart mykje uro blant foreldra.

Då det i 2011 også blei oppdaga for høge radonverdiar også ved skulen, hadde kommunen lært.

– Utsleppa var ikkje veldig store, men vi stengde likevel skulen med ein gong, seier Vigleik Brekke, informasjonsansvarleg i nye Øygarden kommune.

Han seier kommunen var bevisst på at dei måtte informere foreldra så tidleg som mogleg, helst før media skreiv om saka. Heilt i tråd med det NORCE-forskarane også peiker på at er lurt.

– Det var ein god nøkkel til å hindre unødig støy i ei vanskeleg sak.