Hopp til innhold

Mange kan miste jobben - ordførar vedgår at politikarane har unngått upopulære avgjerder

Mange kommunar jobbar no med budsjett der endane ikkje vil møtast. Fleire stader blir sparekniven teken fram, i Vågsøy må dei kutte 26 årsverk.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

TØFFE AVGJERDER: Ordførar Morten Hagen (H) vedgår at politikarane i kommunen har unngått tøffe avgjerder til no. I neste års budsjett blir det lagt opp til å kutte 26 årsverk.

Foto: NRK

Rundt omkring i landets kommunar jobbar politikarane no med budsjetta for neste år. Og med stram økonomi er det mange som ikkje får det til å gå opp.

I Vågsøy trur fungerande rådmann Tone Holvik at oppseiingar av kommunalt tilsette er rett rundt hjørnet.

– Slik det ser ut no så blir det oppseiingar i Vågsøy kommune. Med så store tal er det rimeleg å tru at vi vil kome i den situasjonen ganske fort, seier rådmannen til NRK.no.

Meiner politikarane har skyvd problema framfor seg

Desember er tradisjonelt ein tøff månad for dei som jobbar med kommunebudsjetta. Fleire opplever at dei må spare pengar, og snur kvar ein stein for å finne ut kvar pengane skal takast frå.

Vågsøy er ein av mange kommunar der ei skranten kommunekasse vil få konsekvensar. Rådmannen meiner dei mangeårige økonomiske problema som kommunen har hatt ikkje har blitt teke tak i.

– Dette er noko som har blitt skyvd på, og utfordringane er no så store at ein er nøydd til å ta grep, seier ho.

– Kvifor har dette skjedd?

– Ein har ikkje greidd å få politiske avgjerder på korleis ein skal få ned driftsnivået i kommunen, seier Holvik.

– Har ikkje vore tøffe nok

I budsjettforslaget for neste år må helse, omsorg og rehabilitering kutte med 12 til 13 årsverk i løpet av våren 2014.

Ordførar Morten Hagen (H) vedgår at det er politikarane som sit med ansvaret for det som no skjer.

– Det er politikarane som ikkje har vore tøffe nok til å ta upopulære avgjerder tidsnok som gjer at vi er i denne situasjonen no.

Han lovar at han saman med resten av kommunestyret vil ta tak for å få kommunen på rett kjøl att.

– Det vi må jobbe for no er meir effektiv drift i kommunen framover.

– Det vil bli tøffe avgjerder, men vi må ta dei, seier ordføraren.

Vil gå ut over kvalitet og tilbod

Innbyggjarane vil kome til å merke at kommunen kuttar 26 årsverk, fortel fungerande rådmann Tone Holvik.

Ho vedgår at situasjonen er dramatisk, og legg ikkje skjul på at kutta vil gå utover tilbodet til folk i Vågsøy.

– Dette vil gå utover kvaliteten og det tilbodet vi kan gje innbyggjarane innanfor alle sektorar, seier Holvik.

Og slik det ser ut kan kommunen bli nøydd til å dra fram sparekniven på same måte også seinare.

– Det er ikkje usannsynleg at dette er starten på noko som vi må jobbe vidare med dei komande åra, seier rådmannen.