Kom seg ikkje ned frå fjellet: – Var som eit minefelt

Nær 1900 meter over havet forstår Lydia Winninge og Håvard Estensen at skituren ned igjen kan vere livsfarleg. No åtvarar dei andre om farane som lurar i fjellheimen.

Hurrungane

PÅ VEG OPP: Lydia Winninge og Håvard Estensen visste ikkje at turen ned frå fjellet skulle bli med redningshelikopter.

Foto: PRIVAT

– Vi såg ikkje teikn til fare før det var for seint, seier Håvard Estensen.

Det var nær vindstille, himmelen var blå og sola lyste opp dei forlokkande og snødekte fjelltoppane i Hurrungane.

Lydia Winninge og Håvard Estensen parkerte bilen. Målet var å telte ved sida av Fannaråkhytta på Fannaråki, som ligg 2068 meter over havet.

Paret spente på seg skia og la ut på tur med teltet i sekken. For å nå toppen, fall valet på vinterruta.

– Vi såg ingen skred, høyrde ingen lydar og snøen verka grei.

Snøkvaliteten varierte på turen. Dei to hadde lest seg opp på varsel og rapportar frå snøskredvarslinga, og såg på vegvalet som trygt med tanke på skredfaren.

På ryggen over Fannaråksbreen ser dei ein snøskavl, som gjer at dei heller går rundt og over i sommarruta.

Etter ei stund kjem paret til eit bratt parti. Ruta var brattare enn kva dei fekk inntrykk av på kartet, noko dei vil gjere andre merksame på.

– Det er lett å seie i etterpåklokskapen at det var der vi burde snudd, seier Winninge.

Paret gjekk vidare. I det dei er over bratta, så går eit snøskred.

Utfartshelg og betydeleg skredfare

Med langhelg i vente og rekordstore snømengder i fjellet, så har mange planar om ein topptur til fjells med ski på beina.

Fleire stadar er det no betydeleg eller stor snøskredfare.

– Det ligg mykje snø i fjellet, så høge temperaturar på Vestlandet gjer at det er større fare for skred framover, seier Jørgen Kvalberg ved snøskredvarslinga varsom.no.

I Jotunheimen er faregraden på nivå to og moderat. I Indre Sogn og Indre Fjordane er det betydeleg fare for snøskred dei neste dagane.

200 meter breitt skred

– Vi kom over det brattaste partiet når eg ser at snøskalven brekk av, seier Lydia Winninge.

I nærleiken av fjellet Fannaråknosi går det eit 200 meter breitt snøskred. På dette tidspunktet visste ikkje Lydia Winninge og Håvard Estensen omfanget av skredet.

– Det tryggaste var at vi gjekk vidare og ikkje snudde.

Då kjem eit høgt drønn frå snøen. Kjensla av stress fyller kroppane. Det er måndag kveld, og dei går vidare for å finne ein stad for å sette opp teltet og ringe etter hjelp.

Så høyrer dei nok eit drønn.

– Det var som eit minefelt med frykt for at eitt enkelt steg kunne utløyse nye skred.

Paret er like nedanfor toppen av Fannaråknosi, og står fast fleire hundre meter over havet.

Fannaråknosi

NATTA: Skifølget Lydia Winninge og Håvard Estensen måtte overnatta i eit telt like ved toppen av Fannaråknosi (1990 m.o.h).

Foto: HÅVARD ESTENSEN

Kjem to skigåarar til

Det blir oppretta kontakt med naudetatane, og Winninge og Estensen må overnatte i teltet.

– Vi følte at ei nedkøyring frå fjellet var til fare for liva våre. Vi såg på oss som heldige då vi heller gjekk oppover, og at ei nedkøyring ville føre til ei større belastning og eit nytt skred, seier Estensen.

Tysdag kl. 12.43 legg Vest politidistrikt ut ei melding på Twitter. Eit redningshelikopter frå Florø er på veg for å hente ned turfølget.

Det viser seg at dei to ikkje er aleine på fjellet. I 12-tida på tysdagen kjem det to andre skigåarar utanfor teltet, som har følgt spora til Winninge og Estensen.

Alle kjem i prat. Winninge og Estensen fortel at dei skal bli henta av redningshelikopter. Det andre paret går vidare. Etter nokre hundre meter, så stoppar paret.

– Dei ombestemte seg og ville også bli henta av helikopter, seier Estensen.

Totalt fire personar blei henta ned frå fjellet denne tysdagen.

– Ikkje gå der andre har gått, sjølv om det går bra. Ikkje stol på andre sine spor.

Vil åtvare andre

Lydia Winninge og Håvard Estensen vil bruke opplevinga til å åtvare andre.

– Vi hadde lest rapportane frå snøskredvarslinga, men folk må vere merksame på lokale forhold, seier Estensen.

Paret fjernutløyste eit skred då dei var i eit parti som var mindre enn 30 grader. Skredet gjekk i eit område som var brattare.

– Du er i eit område som du ser på som trygt, men så er du ikkje i nærleiken av trygg likevel, seier Estensen.

Etter ein luftig tur ned frå fjellet, så kunne dei to sette seg trygt i bilen igjen.

– Vi ser på oss sjølve som heldige. Dette kunne gått gale, og ofte veit du ikkje kor nære du var.

Fannaråknosi

FANNARÅKNOSI: Snøskavlar på vinterruta.

Foto: HÅVARD ESTENSEN