Hopp til innhold

Spektaulære scenar frå Vestlandet i den indiske spelefilmen «Ko»

I 2006 inviterte kronprinsesse Mette Marit indisk filmindustri til Noreg. Dei tok ho på ordet.

Video Kollywood.mp4

KONTRASTAR: Sjå video frå filminnspelinga på Preikestolen (Foto: Arild Eskeland).

Spektaulære scenar frå blant anna Hardanger og Bergen er kanskje ikkje akkurat det ein forventar i ein indisk spelefilm. Men det er nettopp det som vert å sjå i filmen «Ko», som har premiere langfredag.

– Han har romantikk, spaning og dans. Fyrst og fremst er det likevel ein politisk thriller, seier Karthika som speler journalist og helt i fimen til NRK.no.

  • Sjå intervju med Karthika lenger nede i artikkelen
Kollywood innspeling Preikestolen

På kanten av fjellstupet dansa dei indiske filmstjernene.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Fjord og fjell

Det var etter at Kronprinsparet vitja India i 2006 at regissøren K.V. Anand for alvor vart klar over Noreg.

For det var under dette besøket at Kronprinsessa inviterte den indiske filmindustrien til heimlandet. Og resultatet? Ein film med nasjonalromantiske scenar med alt i frå Trolltunga i Hardanger til Stalheim på Voss og Fløyen i Bergen.

  • Lyst å læra meir om indisk film? Besøk NRK sine Bollywoodsider HER

Sjølv fann Anand, som går for å vera ein av dei største toppregissørane i det som vert kalla Kollywood i Sør-India, preikestolen på internett.

– Eg sørgja for å ikkje kikka ned. Eg vart litt skremt då kollegaen min sa «ikkje rør deg, ikkje rør deg», men det gjekk greitt, seier skodespelaren Karthika, om ei scene som vart spelt inn heilt ytst på Preikestolen.

Video Kollywood.mp4

Karthika frys når ho er i Noreg (Foto: Arild Eskeland).

Kollywood-blest i Noreg

Det var i september i fjor at det tredvetals store Kollywood-filmteamet tok turen til Noreg. Kollywood er India sin nest største filmindustri og er basert i Chennai, lokalisert i den indiske delstaten Tamil Nadu.

– India lagar 1000 filmar i året på ti språk. Etter dette vil nok fleire filmfolk frå India koma hit, seier regissøren.

Video Kollywood_2.mp4

Jiiva speler helten i filmen (Foto: Arild Eskeland).

Filmen «Ko»har premiere fredag 22.april i Oslo, og parallelt med premieren i India same dag, vert filmen vist på Norway Tamil Film Festival (NTFF).