Kollisjon på Knappskog

  • PÅKØYRD AV TO BILAR:

    Vegen er no rydda etter ein kjedekollisjon på Knappskog. To personar får legetilsyn på staden, opplyser politiet. – Det ser ut som den første bilen har stoppa, og deretter er blitt påkøyrd bakfrå av to andre bilar, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til NRK.no. Ulykka blei meldt klokka 14.55.

    Kollisjon på Knappskog
    Foto: Anders Ekanger / NRK
  • TRE BILAR KOLLIDERTE:

    Tre bilar skal vera involvert i kollisjonen på Knappskog. To personar har fortalt at dei har smerter i nakke og rygg. To ambulansar og bergingsbil er på staden, saman med politi og brannvesen.

    Kollisjon Knappskog
    Foto: Anders Ekanger / NRK