Hopp til innhold

Kollisjon mellom bil og bybane i Bergen

Ein bil hamna i kollisjon med bybanen då føraren skulle kryssa bybanesporet ved Minde Alle i Bergen torsdag. Bilen, ein drosje, blei treft i sida, og har mindre materielle skadar, ifølgje politiet. Ei kvinne i 40-åra var passasjer i drosjen. Både ho og sjåføren er uskadde. Føraren av bybanen er også uskadd.

Kollisjonen førte til stans i trafikken. No er bilen fjerna frå vegen, og trafikken er i gang igjen.

Bilen skal ha kome køyrande frå Storetveitvegen. Politiet har oppretta sak. Dei er i kontakt med involverte personar, og gjer taktiske og tekniske undersøkingar. Det er ikkje mistanke om at verken drosjesjåføren eller føraren av bybanen var påverka av noko. Politiet har beslaglagt førarkortet til drosjesjåføren.