Hopp til innhold

Her er Knut Ivan i mål etter utruleg svømmetur: – Det kjennest heilt fantastisk

Ingen andre har gjort det før, men i dag fullførte 44-åringen den utrulege svømmeturen på 700 kilometer rundt heile kysten frå Oslo til Bergen.

Knut Ivan Rasmussen har svømt fra Oslo til Bergen

PÅ LAND I BERGEN: Knut Ivan Rasmussen sekund etter at han gjekk i land i Bergen sentrum.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Klokka 14.55 kom Knut Ivan Rasmussen til kai ved Zachariasbryggen i Bergen.

På veg inn Vågen blei han helsa av skipsfløyter, vassprut frå brannbåten, applaus og heiarop frå folk på kaiene. På Zachariasbryggen stod venar og skodelystne klare i hopetal for å ta imot 44-åringen.

– Det kjennest heilt fantastisk, sjølvsagt, men òg litt rart. At Bergen stiller opp på denne måten, det tek kaka, seier Rasmussen til NRK.

– Korleis kjennest kroppen?

– Litt øm her og der, men ganske bra!

På kaien i Bergen stod det klar ei gedigen kake. Seinare i dag blir det meir feiring.

– No skal eg ha meg ein kopp kaffi. Så skal eg ut og eta middag med nokon frå crewet. Eg veit ikkje om eg tør seia kor, humrar narvikingen.

Svømmer i Vågen ankommer Bergen etter lang tur fra Oslo

SJÅ SISTE ETAPPEN: Han starta i Oslo - NRK følgde svømmaren siste stykket inn mot Bergen!

700 kilometer

Knut Ivan Rasmussen starta svømmeturen i Oslo fredag 1. juli.

Onsdag klokka 12 starta den aller siste etappen på den 700 kilometer lange manndomsprøven.

Då skulle Rasmussen svømma dei siste ti kilometrane inn til Zachariasbryggen inst i Vågen i Bergen.

Målet var å vera framme klokka 15. Han var i mål fem minutt før.

Kart over svømmetur Oslo-Bergen

LANG TUR: Svømmeturen frå Oslo til Bergen blir omtalt som den lengste i Norden nokon gang.

Foto: Norwegian Swim Expedition 2022

Psykologisk eksperiment

Den 44 år gamle psykologen og svømmetrenaren frå Oslo har skrive masteroppgåve om frykta for å mislykkast og korleis overvinna den.

– Det kan hindra oss i få ut potensialet vårt og i å gjere det vi har mest lyst til å gjere. Vi må tørre å ta plass og stå i vårt eige lys. Om det ikkje går, kva då? Toler du det, kan du gjere kva du vil. Då er du fri, seier Rasmussen.

Svømmeturen har vore eit slags eksperiment i forlenginga av det.

– Det er det sprøaste eg har prøvd på, og det mest ekstreme eg har gjort, sa Rasmussen til NRK då han hoppa i sjøen for ein og ein halv månad sidan.

Supersvømmaren har ikkje vore på land i løpet av den lange turen, men har berre vore om bord i følgjebåten mellom svømmeøktene.

Undervegs har Knut Ivan og hjelparane hans lagt ut oppdateringar på Facebook. Dei omtaler prosjektet som den lengste svømmeturen i Norden nokon gang.

Knut Ivan Rasmussen

TO MIL OM DAGEN: Dagsetappane har ofte vore i underkant av to mil, men nokre dagar har det vore litt kortare eller lengre.

Foto: Carl Groth

Lang erfaring

Det er ikkje første gongen Knut Ivan har vore på lange svømmeturar. Han har fleire gonger deltatt og vunne i svømmekonkurransen frå Horten til Moss.

Sommaren 2014 svømte han den 100 kilometer lange strekninga frå Oslo til Verdens Ende på Tjøme, som så langt har vore den lengste svømmeturen hans.

Fleire har vore skeptiske til om svømmeturen Oslo-Bergen var mogleg å gjennomføra. Blant dei var Bjørn Soleng, generalsekretær i Norges Svømmeforbund, som blei intervjua av NRK då styrkeprøven starta.

– Personleg trur eg ikkje at han klarer det. Det er så langt. Men viss det er nokon som skal klare det, så er det han, sa Soleng.

Knut Ivan Rasmussen

PSYKOLOG: Knut Ivan Rasmussen er psykolog, og brukar svømmeturen som eit prosjekt for å testa ut kor langt han kan strekkja sine eigne grenser.

Foto: Norwegian Swim Expedition 2022

Mange skjær i sjøen

Det er lett å forstå kor utfordrande det er å ta Svømmeknappen 3500 gonger etter kvarandre i løpet av nokre veker. Og turen var ikkje utan problem.

Allereie ut gjennom Oslofjorden møtte Rasmussen på dårleg vær, blant anna ein del vind, som førte til at det gjekk veldig sakte framover.

Brennmaneter, låg temperatur i havet og gnagsår er andre ting som har plaga Rasmussen undervegs.

– Eg er litt øm her og der, men det går ganske bra, seier han til NRK når det nærmar seg avslutninga på den utrulege prestasjonen.

Ein vanleg dagsetappe har vore mellom 15 og 22 kilometer, men av og til meir eller mindre enn det.

Når han kjem til Bergen er det heilt vanlege, kvardagslege ting som står på ønskjelista.

– Eg har eigentleg berre lyst til å spasera rundt på Bryggen eller slappa av på hotellrommet med TV og fjernkontroll. Og så vil eg barbera meg, for no har det begynt å klø, seier svømmaren.

Knut Ivan Rasmussen

UTFORDRANDE: Både kulde og vind har gjort at Rasmussen ofte har vore tom for krefter på slutten av kvar økt.

Foto: Norwegian Swim Expedition 2022

Romantisk på følgjebåten

Ifølgje Bergensavisen har Rasmussen fått ein stor personleg gevinst av turen mellom Oslo og Bergen.

Undervegs har han nemleg fått utvikla vennskapet til ein av støttespelarane i følgjebåten, Matilde Schjetne.

– Ekspedisjonen har gitt oss høve til å få prata mykje meir saman, og finna ut at vi vil bli saman, seier han til avisa.

Knut Ivan Rasmussen

BLIR HEIA FRAM: Langs heile kysten har Knut Ivan Rasmussen blitt heia fram og tatt godt i mot av båtfolket.

Foto: Norwegian Swim Expedition 2022