Hopp til innhold

Knut Ivan skal symje 700 kilometer i sommarferien: – Det sprøaste eg har prøvd på

Knut Ivan Rasmussen har planlagt ein sommarferie langt frå normalen. Fredag startar han på ein røff symjetur ingen i Noreg har gjort før.

Knut Ivan Rasmussen har planlagt en sommerferie langt fra normalen. Han starter han på en røff svømmetur ingen i Norge har gjort før.

UVANLEG SYMJEFERIE: Knut Ivan Rasmussen skal symje frå Oslo til Bergen i sommar.

Foto: Glenn Olstad / NRK

Fredag formiddag stuper han i Oslofjorden. Midt i august reknar han med å klatre i land på bryggja i Bergen.

– Eg har sett av sommarferien til det. Det er det sprøaste eg har prøvd på og det mest ekstreme eg har gjort, seier Rasmussen til NRK.

Distansen er til å bli sjøsjuk av. 700 kilometer er lengre enn han nokon gong har sumt før. I 2014 sumde han frå Oslo til Verdens ende på Tjøme, om lag 100 kilometer.

No er distansen sju gonger så lang, men han har delt opp turen i etappar.

– Eg tenkjer å symje cirka 20–25 kilometer om dagen. Men det er ein liten risiko, eg aner ikkje kva eg går til og har aldri gjort noko tilsvarande. Dette er utanfor komfortsona, seier han.

Knut Ivan Rasmussen har planlagt en sommerferie langt fra normalen. Han starter han på en røff svømmetur ingen i Norge har gjort før.

Fredag hoppar Knut Ivar Rasmussen i vatnet i Oslofjorden.

Foto: Glenn Olstad / NRK

Eit slags eksperiment

Det er lite å seie på symjeferdigheitene. Tidlegare i år vann han symjekonkurransen Horten – Moss, tvers over Oslofjorden, for sjuande gong.

Han bruker ferien sin på prosjektet. Ved sida av symjinga jobbar han som personleg symjetrenar og psykolog. Han har skrive masteroppgåve om frykta for å mislykkast, og symjeturen i sommar er eit slags eksperiment i forlenginga av det.

– Den psykologiske biten er litt av greia. Eg er veldig interessert i dette, og det er dette eg jobbar med.

– Det er litt å tore å mislykkast òg. Korleis skal ein takle det? Korleis skal ein møte seg sjølv og andre. Eg er veldig interessert i dette med å få ut potensial mot frykta for å mislykkast.

Som hjelp på reisa har han ein følgjebåt med våtdrakter, medisinar, klede og anna nødvendig. Han skal bu i båten mellom etappane, og saman med legar og kiropraktorar skal han sørgje for at også den fysiske helsa er i orden.

Det er jo ikkje sunt, eigentleg, seier han og ler høgt.

Eg kjenner veldig godt etter undervegs, og det blir gradvis nedbryting. Du går frå å bli ganske klar for kamp, og på slutten er du heilt kake. Det er ikkje noko bra å gjere det til vanleg, seier Rasmussen.

Knut Ivan Rasmussen har planlagt en sommerferie langt fra normalen. Han starter han på en røff svømmetur ingen i Norge har gjort før.

Rasmussen, som er symjetrenar og psykolog, bruker ferien sin på prosjektet.

Foto: Glenn Olstad / NRK

Handlar om meir enn symjing

Sjølv omtaler han symjeturen rundt Noregs sørspiss som eit eventyr.

– Det handlar ikkje berre om å symje langt, men å få til større ting. Det er noko å vekse på. Eg får med meg ein del fine erfaringar, gode opplevingar og tilknyting til andre.

Men får han sett noko gjennom symjebrillene medan han kjempar mot bølgjene?

Eg tek det veldig roleg, så eg ser korleis det ser ut rundt meg. Å liggje i vatnet, det er eit ganske stort nærvær i det. Du blir litt i bobla, og det handlar om å komme seg frå punkt til punkt.

– Tunga kan smuldre opp

Bjørn Soleng, generalsekretær i Noregs Symjeforbund, skildrar stuntet til Rasmussen som ei blanding av «galskap og stå-på-vilje». Han tviler likevel på at turen er gjennomførbar.

– Personleg trur eg ikkje at han klarer det. Det er så langt. Men viss det er nokon som skal klare det, så er det han, seier Soleng.

– Kva skjer med kroppen når du sym så langt i saltvatn?

– Eg har lese ein del internasjonale artiklar, og det er jo sjølvsagt ein fare for å bli forkjølt når du ligg så lenge i kaldvatn. Men eg er òg veldig spent på korleis det går med tunga hans i seks-åtte timar i saltvatn om dagen. Tunga kan smuldre.

– Smuldre opp?

–Ja. Sist eg leste det var da ein annan symjar opplevde noko liknande då han sumde seg gjennom kanalane i England. Men då var det både forureining og saltvatn, svarer han.

Les også Biletet symjeverda snakkar om: – Ho såg ut som om ho kjeda seg

Svømming, 1500 m fri.

NRK-ekspert imponert

Tidlegare konkurransesymjar og NRKs symjeekspert, Aleksander Hetland, er full av lovord om Rasmussen.

– Det er jo rimeleg heftig og ambisiøst. Han har sprengt grenser før, så det er kult at han held fram med det, seier Hetland.

Han understrekar at det Rasmussen held på med er nærast ein annan idrett enn det han sjølv heldt på med.

– Eg kunne aldri gjort det. Eg var god på distansar og konkurransar som varte under eitt minutt, flirer Hetland.

– Eg synest det var gøy med detaljar og høg fart. Dette er det motsette. Det handlar om å halde det gåande. Men sjølv om det er ei anna greie, blir det ikkje mindre imponerande.

Les også VM-symjar svima av i bassenget: – Det var skremmande, eg såg ho ikkje pusta

Anita Alvarez

Siste nytt

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah

Sendeplan

Kl. Program Kanal