Hopp til innhold

Knusktørr august i Sør-Noreg: 38 målestasjonar fekk tørkerekord

Ei rekkje målestasjonar i landet har sett tørkerekordar med nedbørsmengder opp mot 90 prosent mindre enn normalt.

Sandhaug DNT

TØRT: Målestasjonen ved Sandhaug turisthytte på Hardangervidda var den tørraste i heile landet i august.

Foto: Marius Dalseg Sætre / Sandhaug

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det var i august månad heile 38 målestasjonar i landet som fekk tørkerekordar. Det viser ei oversikt frå Meteorologisk institutt.

Spesielt regntunge Vestland er ikkje til å kjenne igjen. 18 tørkerekordar for august er i Vestland, medan to er i Rogaland.

Av målestasjonar med minst nedbør finn vi Sandhaug på Hardangervidda med berre 4,9 mm nedbør denne månaden.

Generelt for heile landet fall det 35 prosent mindre nedbør i august målt opp mot gjennomsnittet. Det er i fylka sør for Stad det har vore særskild tørt.

Meteorologisk institutt reknar gjennomsnittet basert på målingar frå dei siste 30 åra.

– Vi ser at ei rekkje målestasjonar i Oslo, Viken, Vestfold og Telemark og Vestland har sett nedbørsmengder på mellom 75 og 90 prosent mindre enn normalt, fortel vakthavande meteorolog Eldbjørg Moxnes.

Meterolog Eldbjørg Moxnes

TØRT I SØR: Vakthavande meteorolog, Eldbjørg Moxnes, peiker på høgtrykk utanfor norskekysten som årsaka til den tørre sommaren i Sør-Noreg.

Foto: Privat

Også førre månad var uvanleg tørr for Vestland fylke.

– Årsaka er langtidsvarande høgtrykk som har lege på utsida av norskekysten og stogga dei lågtrykka som vanlegvis kjem inn frå kysten, fortel meteorologen.

Laster Twitter-innhold

Vått nord for Stad

Litt lengre nord har det derimot vore ein våt månad. Fylka som skil seg ut med høg nedbørsmengde er Trøndelag og Møre og Romsdal. Her har det vore målestasjonar med 80 og 100 prosent meir nedbør enn normalt

– Lågtrykka i august har blitt pressa nordover og kome inn mot fastlandet i desse områda, seier Moxnes.

Fjellet Mannen i Romsdalen.

VÅTT: Målestasjonen på rasfarlege Mannen i Rauma var den våtaste i landet i august.

Foto: Ivar Ekseth / NTB scanpix

Fleire stader så også rekord i nedbørsmengde på eitt døgn. Otterøy i Namsos er blant dei som har slått rekord. Her regna det heile 66 mm nedbør 25. august.

Trass tørken har månadstemperaturen lege 0,4 gradar under gjennomsnittet frå dei siste 30 åra. Den høgaste temperaturen blei målt heilt i slutten av månaden.

– Vanlegvis ser vi høge temperaturar i byrjinga av månaden, men no var høgaste temperatur målt 30. august på Valle i Agder med 27,5 grader. Det er spesielt, seier Moxnes.