Hopp til innhold

Klimakrangel i Senterpartiet: Navarsete vil ikkje ha nye oljeutvinningsprosjekt

Spørsmål om klimautslepp og oljeutvinning skaper skarp diskusjon i Senterpartiet. Tidlegare leiar Liv Signe Navarsete vil at partiet skal bli tydelegare på at oljealderen vil ta slutt.

Liv Signe Navarsete

MOT SLUTTEN: Liv Signe Navarsete meiner at Senterpartiet må vere tydlege på at vi går mot ei tid der vi skal vere mindre avhengige av olje.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi må ha vere heilt tydelege på kva veg vi skal gå. Oljeindustrien kjem til å bli ein solnedgangsindustri, og då må vi klare å omstille oss for å skape nye grøne arbeidsplassar i distrikta, seier Liv Signe Navarsete.

Ho var partileiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014, og sit framleis på Stortinget.

No melder ho seg på klimadebatten internt i partiet.

Nationen skriv fredag at arbeidet med nytt partiprogram i Senterpartiet er prega av usemja rundt klimapolitikken. Tre av sju dissensar i utkastet til partiprogram skal handle om klima.

Fredag morgon var Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum gjest i politisk kvarter, og då ville han ikkje seie om Senterpartiet støttar Noreg sine mål om å kutte klimautsleppa med 50 prosent innan 2030.

Men det er Navarsete tydeleg på at ho støttar.

– Vi må følge opp dei forpliktingane vi no har i samband med Parisavtalen. Og då er det viktig at vegen dit skjer på ein måte som ikkje bidreg til sentralisering, til ei nedlegging av landbruket eller til tiltak som blir ekstra belastande for folk i distriktet, seier Navarsete.

Oljeplattformen Troll A i Nordsjøen

SOLNEDGANG: Liv Signe Navarsete meiner oljeindustrien er ein solnedgangsindustri.

Foto: Øyvind Knoph Askeland / Norsk olje og gass

Usemje om sluttdato for oljeutvinning

Frå før er det kjent at tidlegare partileiar Åslaug Haga vil ha ein sluttdato for norsk oljeutvinning, medan noverande partileiar Trygve Slagsvold Vedum ikkje vil ha noko slik.

Det vil heller ikkje Navarsete, men ho er tydeleg på at tida for nye store oljeutvinningar er forbi.

– Det trur eg alle skjønar, det trur eg til og med oljeindustrien sjølv skjønar. Veksten framover kjem til å kome i grøne næringar, og då må vi omstille oss slik at vi klarer å skape arbeidsplassar i heile landet i dei nye næringane.

Ola Borten Moe: – Ikkje vits å flytte oljeproduksjon til Kina

Navarsete sitt ønske om å satse på det grøne skiftet kan verke som ein kontrast til nestleiar i Senterpartiet sine haldningar. Han har uttalt til NRK at «det grøne skiftet kan bli ein kostbar lek for særinteresser, utan reelt innhald

Moe meiner at han ikkje er veldig ueinig med Navarsete i klimapolitikken, men han åtvarar mot å svekke konkurransekrafta til Noreg i oljepolitikken.

Ola Borten Moe er tilsett i oljeselskapet Okea i Trondheim i tillegg til å vere nestleiar i Senterpartiet, og han eig også 0,5 prosent av selskapet.

På spørsmål om kva han vil gjere for å kutte klimagassutsleppa i Noreg, trekkjer Sp-nestleiaren fram skogen.

– Skogen vår bidreg allereie til å binde svært mykje Co₂, men han kan gjere mykje meir. Gjennom å plante meir, tynne ut meir og forvalte skogen på ein god måte, kan vi kutte utsleppa på ein effektiv måte.