Hopp til innhold

Klesgründer bak «We are fit» må betala 230.000 kroner

Det melder BT. Selskapet Bodyshapes AS på Straume har solgt treningsklede under namnet «We are fit» i fleire år. Fleire kjende influensarar promoterte kleda. I 2022 gjekk selskapet konkurs, og fire selskap saksøkte gründeren for rundt 1,3 millionar kroner i erstatning, for brot på styreansvar etter aksjelova.

Tingretten gav tre av dei delvis medhald, så eit reklamebyrå, eit influenserbyrå og eit møbelfirma får til saman 230.000 kroner pluss renter. Eit fraktselskap fekk ikkje medhald og må betala 190.000 kroner i sakskostnader til gründeren, skriv avisa.