Hopp til innhold

Klart fleirtal for Hordfast

Vestland fylkesting har med 47 mot 16 røyster sagt ja til å bygge ferjeavløysingsprosjektet Hordfast. SV, MDG og Raudt kjempa hardt imot, men nådde ikkje fram. Vedtaket vart gjort i samband med uttale til Nasjonal transportplan for perioden 2025 til 2036. – Eit svært gledeleg vedtak, seier Sigbjørn Framnes (Frp). Han håper på byggestart så snart som råd. – Veldig skuffande, seier Marthe Hammer (SV). Ho seier partiet vil kjempe mot prosjektet i Stortinget. Målet er å få det skrinlagt ein gong for alle. Prosjektet er kostnadsrekna til 46 milliardar kroner.

Hordfast