Det viser ein fersk prognose. Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva er ikkje overraska.
– Den store etterspurnaden etter bustadar skuldast vekst i folketalet og eit næringsliv som går bra. Det skuldast også at vi har arbeidsinnvandring i kommunen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Bør ha fokus på regulering
Fram til 2020 kjem Stryn, og dei fleste andre kommunane i fylket til å ha underskot på bustader og tomter, ifølgje ei prognose som Boligprodusentenes foreining har utarbeidd.
Per Jæger, direktør i bustadforeininga, seier ein no bør bygge meir skal ein klare å halde følgje med utviklinga.
– Kommunane må ha fokus på regulering, og så får vi håpe at marknaden klarer å byggje tilstrekkeleg framover.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Dette er klart negativt
ØNSKJER FLEIRE INNBYGGJARAR: Rådmann Oddbjørn Ese i Vik håper på tilflytting i åra framover.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKAv alle kommunane i fylket er det berre Askvoll, Bremanger og Vik som kan tilby fleire bustader eller tomter enn kva etterspørselen tilseier. Men rådmann i Vik, Oddbjørn Ese ser ikkje berre positivt på det;
– Vi kan velje å sjå det slik at vi er i stand til å dekkje det bustadbehovet som vil vere framover. Men eg trur det speglar ei negativ folketalsutvikling, og då er dette klart negativt for oss. Vi må få tilflytting og må drive aktivt rekrutteringsarbeid. Vi må gjere oss lekre for andre, seier han.
Jærger i bustadforeininga seier fylket må få høgare aktivitet på bygginga.
– Men det er ikkje eit dramatisk underskot, slik det er i ein del andre fylke.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: