Klar med plan for helsepersonell

Helse Vest er klar med planen for vaksineringa av helsepersonell. I første omgang blir helsepersonell som er vanskelege å erstatta om dei må i karantene, prioritert. Dette er tilsette i akutt-, intensiv- og regionale funksjonar, og dessutan nokre som jobbar innanfor analyse.

Dosane blir fordelte slik dei første vekene:
• Helse Fonna: 564 dosar
• Helse Bergen og Haraldsplass: 1584 dosar
• Helse Førde: 336 dosar
• Sjukehusapoteka Vest: 48 dosar
• Helse Vest IKT: 24 dosar

Intensivsykepleiere ved Haukeland universitetssykehus
Foto: Katrine Sunde / Haukeland universitetssjukehus.