Hopp til innhold

Klagar på inndrege skjenkeløyve

Hamnehagen Restaurant i Førde godtek ikkje at Førde kommune har inndrege skjenkeløyve for ei veke på grunn av brot på alkohollova.

Hamnehagen

KLAGAR: Hamnehagen Restaurant AS i Førde klagar på vedtaket der kommunen har inndrege sjenkeløyve deira i ei veke.

Foto: Anna Gytri / NRK

Ein skjenkekontrollør frå Nordfjeldske kontroll meinte han var vitne til «ville tilstandar» på serveringsstaden ei helg i november i fjor. Kontrolløren skreiv i sin rapport til Førde kommune om det han meinte var «ekstrem overskjenking, totalt ute av kontroll.»

Rådmannen i Førde meinte ei passande straff ville vere å inndra skjenkeløyvet for ei veke, og då formannskapet handsama saka kom dei fram til det same. Men dette vil ikkje Hamnehagen Restaurant godta.

Dei har no skrive ein klage til kommunen. Dei meiner dei ikkje har brote alkohollova, og ber kommunen om å ikkje iverksette vedtaket om inndraging.

Gjennom sin advokat har serveringsstaden også tidlegare stilt store spørsmålsteik ved kontrolløren sine vurderingar i denne kontrollen. Mellom anna skal kontrolløren ha oppført seg på ein måte som gjorde at dei tilsette på Hamnehagen ikkje oppfatta han som ein kontrollør.

«Vi på Hamnehagen er sjokkert over kontrollørens ufine oppførsel ved kontakt med personalet og gjester natt til laurdag, samt natt til søndag da kontrolløren var veldig aggressiv da han (etter en tid sjølv hadde blitt observert som mistenkeleg, gav seg til kjenne,» skriv dei mellom anna i klagen.