Hopp til innhold

Misser skjenkeløyve i ei veke

Skjenkekontrolløren meinte han var vitne til «ville tilstandar» på Hamnehagen ei helg i november. No misser utestaden skjenkjeløyvet i ei veke.

Hamnehagen

MISSER LØYVET: Politikarane i Førde har bestemt at Hamnehagen ikkje får skjenke alkohol i ei veke.

Foto: Anna Gytri / NRK

Då skjenkekontrolløren frå Nordfjeldske kontroll kom til serveringsstaden midt i Førde sentrum på fredagskvelden i november vart han avvist. Dagen etter kom han tilbake. Då fekk han hakeslepp av det han skildra som svært uheldige tilstandar.

«Ekstrem overskjenking, totalt ute av kontroll», skreiv han mellom anna i rapporten som vart sendt til Førde kommune. Kontrolløren fortalde NRK at han aldri hadde opplevd liknande, men vart sjølv kritisert for ikkje å ha gode nok identifikasjonspapir.

Rådmannen i Førde meinte ei passande straff ville vere å ta frå utestaden skjenkjeløyvet i ei veke. Då formannskapet behandla saka, kom dei fram til det same.

– Det er all grunn til å sende signal om at Hamnehagen må skjerpe seg, seier Jan Taule frå Venstre til avisa Firda.

Gjennom sin advokat har Hamnehagen stilt store spørsmålsteikn ved kontrolløren sine vurderingar. Dei har også vore kritiske til id-papira mannen hadde med seg. Ifølgje Firda.no skal Nordfjeldske kontroll no ha ordna opp i problema knytt til id-kortet.