Hopp til innhold

Kjenner seg motarbeidde av byråkratiet

– Byråkratiet motarbeider Bremanger når vi prøver å kome oss ut av gjeldsskvisen etter Terra. Det meiner ein frustrert ordførar Audun Åge Røys frå Høgre.

Audun Åge Røys

KJENNER SEG MOTARBEIDD: Audun Åge Røys skuldar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å vere lite fleksibel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

To gonger har kommunen opplevd å stange hovudet mot døra til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Først då dei vart nekta å bruke millionar frå kraftsal til å kome seg klar av uføret, og no kan kommunen få avslag på ønsket om lenger nedbetalingstid på Terra-gjelda.

Røys fryktar det er innbyggjarane som får svi.

– Dette er veldig frustrerande. Vi føler vi blir litt motarbeidde når det er mogleg å finne konstruktive løysingar for å kome seg ut av dette, seier Høgre-ordføraren.

– Fylkesmannen er lite fleksibel

Bremanger sitt Terra-mareritt vil ingen ende ta, no skuldar ordføraren fylkesmannen for å vere lite løysingsorientert.

I fjor vart kommunen først nekta å bruke 172 millionar kroner frå sal av kraftverk til kommunen sitt driftsbudsjett. Dette fordi det ville vere i strid med regelverket.

No vekkjer det sterke reaksjonar at fylkesmannen i romjula signaliserte at det er i strid med regelverket å forlenge nedbetalingstida med tre år.

Dermed kan Bremanger måtte kutte mellom 30 og 40 millionar kroner årleg dei neste åra, trass i at dei har pengar på bok.

– Eg syns fylkesmannen er lite fleksibel. Dei viser til lover og reglar, men det er rom for å bruke skjønn på dette. Det syns eg dei bør gjere, for vi er i ein ekstraordinær situasjon, seier Røys.

Avviser bruk av skjønn

Årsaka til krisa ligg i gjeldsveksten på heile 80 millionar kroner etter nye tap på derivatavtalar med Danske Bank.

Desse kjem på toppen av det alt kjente Terra-tapet på 234 millionar kroner som Bremanger fekk ti år på seg til å betale ned. Røys meiner fylkesmannen tidlegare har signalisert at ein kan bruke skjønn i saka om bruk av pengar frå kraftverkssal og vil at tvilen skal kome Bremanger til gode.

Men seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Kåre Træen, er klokkeklar på at dei aldri har signalisert at ein kan bruke skjønn.

Saka om kraftverkspengar vart grundig handsama i kontakt med departementet, og Træen meiner det ikkje er tvil om at fylkesmannen her har handtert saka i tråd med kommunelova.

– Fylkesmannen sin jobb er å kontrollere at kommunane følgjer lover og forskrifter, dei er laga for at dei skal følgjast, seier Træen.

Avviser skuldingane

Framover vinteren skal fylkesmannen handsame søknaden frå Bremanger om tre år ekstra nedbetalingstid, noko som truleg er i strid med dagens lovverk.

Eit sentralt spørsmål vil også vere om Bremanger har gjort nok til no for å ta store nok kutt i tide. Det er til dømes ei kjent sak at kommunen trass Terra-tapa lenge nøla med å innføre eigedomsskatt på hytter og hus. Til slutt er det kommunaldepartementet som bestemmer om søknaden blir innvilga.

Kåre Træen avviser uansett ordføraren sin påstand om at Bremanger blir motarbeidd.

– Vi har følgt kommunelova og dei forskriftene som ligg i den. Den gjeld for Bremanger som alle andre kommunar.

Rettssaker i vente

I januar og februar skal Bremanger kommune igjen i retten.

Held Høgsterett fast på dommen frå lagmannsretten mot Danske Bank kan Bremanger-ordføraren heise flagget, då vil marerittet uansett vere over, og gjelda kan bli sletta.

– Det betyr alt. Vi har våre utfordringar og vi treng å kome i normalt gjenge att, seier Røys.