Det er klart ettet at Statenes Naturskadefond no har løyvd 1,5 millionar kroner meir til det naudsynte sikringsarbeidet.
Kjenndalsvegen etter raset i oktober i 2004. Foto: Jens Tore Bø
Pengemangel
Etter at det i slutten av oktober i fjor gjekk eit steinskred og øydela deler av den private bomvegen inn til Kjenndalsbreen, har vegen vore stengd. Og grunnen til at det har gått så lang tid er mangel på pengar. Geologar konkluderte nemleg med at omfattande sikring måtte til før vegen kunne opnast att, og at dette totalt ville koste 2,9 millionar kroner.
Arbeidet kjem i gang snart
Statens naturskadefond løyvde tidlegare i år pengar til gjenoppbygginga, og med endå ei løyving frå fondet er vegen no så godt som fullfinansiert. Og no kan arbeidet med å reparere og sikre vegen inn til ein av dei store turistattraksjonane i Indre Nordfjord, endeleg kome i gang.
Dårleg sesong
Den populære Kjenndalsstova og båtlaget i Lodalen har hatt ein svært dårleg sesong på grunn av den stengde vegen. I overkant av 33.000 turistar besøker normalt breen i sesongen. Omlag 5000 av dei kjem med båt på vatnet og blir frakta med buss siste kilometrane inn til breen. Men bussen står på feil side av raset, og har ikkje kunna gjere jobben i sommar.
- Betyr svært mykje
- At det no er nok pengar til å sikre vegen betyr svært mykje, seier leiar i Kjenndal Grunneigarlag, Steinar Nesdal. Det betyr at vi kan vere nesten 100 prosent sikre på at vi kan opne vegen til turistsesongen 2006. Målet er å opne vegen rundt 1. juni. Og det er heilt avgjerande for både Kjenndalsstova og båtlaget at vegen blir opna att, seier han.