Hopp til innhold

Kjendisadvokat inn som forsvarar i Selje-brannen

Den kjende advokaten Morten Furuholmen har overteke som forsvarar for ein av dei tre brørne som er sikta for å ha tent på Selje hotell i november.

Morten Furuholmen

NY FORSVARAR: Morten Furuholmen skal møte i tingretten for sin klient komande fredag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg kan stadfeste at eg no er forsvarar for ein av dei sikta, seier Furuholmen til NRK.

Hans klient sit for tida varetektsfengsla i Trondheim, og Furuholmen stadfestar at han alt har hatt eit møte med den av dei tre brørne han no er forsvarar for.

Furuholmen overtek dermed for Førde-advokaten Ivar Blikra. Blikra har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Dei tre svenske brørne har vore fengsla sidan før jul og må komande fredag på nytt møte i tingretten som skal ta stilling til vidare fengsling.

Vil krevje vidare fengsling

Furuholmen vil ikkje gå inn på om han har rådd sin klient til å krevje å bli lauslatne, eller om han vil godta vidare fengsling. Etter det NRK kjenner vil politiet krevje at dei tre framleis skal sitje bak lås og slå medan etterforskinga held fram.

Det var natt til 25. november naboar varsla frå om brann på det tradisjonsrike hotellet, og bygningen var ikkje mogleg å redde. Politiet starta raskt både teknisk og taktisk etterforsking, og mistenkte eldspåsetjing.

Selje hotel i brann

KRAFTIG BRANN: Hotellet i Selje sentrum brann ned til grunnen.

Foto: Alvin Honningsvåg

Overtok hotellet i 2014

Dei tre sikta har alle hatt ulike roller på eigar- og driftssida på hotellet, etter at den svenske familien kjøpte hotellet ved årsskiftet i 2014.

Strafferamma i tiltalane er fengsel i inntil 15 år.

– Dei er sikta for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det, sa politiadvokat Magnus Engh Juel til NRK då dei tre blei varetektsfengsla første gongen i før jul.