Hopp til innhold

Dagleg leiar og styreleiar sikta for grovt skadeverk og bedrageri etter hotellbrannen

FJORDANE TINGRETT (NRK): Dei tre som er sikta etter brannen på Selje hotel blir varekteksfengsla i fire veker.

Ivar Blikra

FORSVARAR: Ivar Blikra forsvarar ein av dei tre sikta etter brannen på Selje hotell.

Foto: Oddleif Løset / Nrk

Dei tre sikta blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. I dei to første vekene blir dei fengsla med full isolasjon.

Blant dei sikta er styreleiar og ein av eigarane. Den andre eigaren er ikkje sikta. I tillegg er også dagleg leiar sikta etter brannen.

Strafferamma i tiltalane er fengsel i inntil 15 år.

– Dei er sikta for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det, seier politiadvokat Magnus Engh Juel til NRK.

Fengslingsmøta i Fjordane tingrett i dag gjekk for lukka dører. Juel grunngav dette med omsyn både til politietterforskinga og dei sikta i saka.

Nektar straffskuld

Magnus Engh Juel

POLITIADVOKAT: Magnus Engh Juel bad om fire veker varetekt for dei tre sikta etter brannen på Selje hotel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Advokat Ivar Blikra representerer ein av dei sikta. Han seier at klienten hans ikkje vedgår straffskuld og ikkje forstår kvifor han er sikta.

– Vi har meiner at det ikkje er sannsyn for å mistenkje han for det han er sikta for. Han bad om å bli lauslaten, seier Blikra.

Advokaten seier at klienten hans ynskjer å samarbeide med politiet.

– Dette er tøft for han, men eg vil ikkje gå nærare inn i saka slik den står no, seier Blikra.

– Har din klient kjennskap til at brannen er påsett?

– Eg ynskjer ikkje gå inn i fakta eller forklaringa til min klient.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Har bevis

Politiadvokat Juel meiner derimot at politiet bevise at dei tre mennene står bak brannen.

– Bevisa vi har funne til no i etterforskinga talar i eintydig retning på at nokon har tent på med vilje, og at det er tre personar med tilknyting til hotellet som har gjort dette, seier han.

Advokat Per Kjetil Stautland representerer ein av dei sikta. Han seier at klienten hans nektar straffskuld. Paul Inge Angelshaug, som representerer sistemann, ynskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Arresterte torsdag

Det var i går at politiet arresterte tre menn mistenkte for brannstifting eller medverknad. Romfløya på det vinterstengde hotellet vart totalskadd i brannen. Politiet sa tidleg at dei meinte å kunne seie sikkert at brannen starta i eitt av hotellromma.

Politiet har fått hjelp frå Kripos i etterforskinga. Kring 15 personar har delteke og hundar har søkt gjennom branntomta. Politiet vil ikkje kommentere kva som kom ut av søket. Av omsyn til etterforskinga held dei korta tett til brystet.

– Vi har betydeleg etterforsking att for å få klart kva som har skjedd, seier Juel.

Skifta eigarar

Hotellet vart ført opp i 1975 og var frå 1976 til det skifta eigar i 2014 eigd og drive av Harald og Gerd Kjellaug Berge.

Dei siste åra har hotellet gått med underskot. No som hotellet er vinterstengt hadde eigarane planar om å pusse opp att hotellet.

Bergens Tidende skriv at fire dagar før Selje hotell brann ned, starta Skatteetaten tvangsinnkrevjing av ubetalte krav. Kravet er på nesten 300.000 kroner.