Hopp til innhold

Kjempestein fall frå taket – ingen veit når tunnelen vert sikra

AURLANDSDALEN (NRK): Gamle og rasutsette tunnelar på fylkesvegnettet manglar lys, ventilasjon og naudnett. No kan det bli aktuelt å utsette sikringa til 2030.

Trafikkulukke i Berdalstunnelen på fylkesveg 50.

ALVORLEG: Bilen som kolliderte med ein stein, vart nærmast totalvraka. Føraren er framleis på sjukehus.

– Mykje kan tyde på at steinen ikkje vart sett, seier Jon Viste i Vest politidistrikt.

I slutten av august måtte han stenge Berdaltunnelen etter at ein førar kolliderte med ein 1,5 tonn tung steinblokk.

Føraren er framleis på sjukehus, og har enno ikkje vorte avhøyrd.

Berdaltunnelen inst i Sognefjorden er ein av mange rundt om i landet som manglar både ventilasjon, naudnett, DAB-dekning og skikkeleg lys.

– Noko må gjerast, og det fort, seier Reinhardt Sørensen.

Han er brannsjef i Aurland, og har i fleire år etterlyst at dei gamle tunnelane på fylkesveg 50 oppover Aurlandsdalen vert oppgraderte.

I 2015 hamna fleire personar på sjukehus etter at ein svensk turistbuss byrja å brenne 500 meter inne i Gudvangatunnelen.

Reinhardt Sørensen.

BEKYMRA: Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen fryktar ein brann inne i ein av tunnelane vil fått alvorlege følgjer.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Aktuelt å utsette fristen til 2030

Berdaltunnelen er omfatta av forskrift om minimum sikkerheitskrav til «visse tunnelar på fylkesvegnettet», som kom i 2014.

Forskrifta gjeld for tunnelar som er lengre enn 500 meter og med gjennomsnittleg årsdøgntrafikk på 300 køyretøy eller meir, og skal «førebyggje kritiske hendingar som kan sette menneskeliv i fare».

I utgangspunktet skulle alle tunnelar oppfylle krava i forskrifta innan 2019. Fristen vart sidan utsett til 2025.

– No kan det bli aktuelt å utsette fristen heilt til 2030, seier Dina Lefdal.

Ho er fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. Frå 1. januar 2020 overtok fylkeskommunane ansvaret for alle fylkesvegar.

Berekningar viser at det vil koste mellom 4 og 5 milliardar for å oppgradere alle tunnelane i Vestland fylkeskommune.

I år har fylkeskommunen budsjettert med 300 millionar til tunnelsikring. 98 millionar kom frå statlege overføringar.

Dina Lefdal i fylkeskommunen.

UTFORDRING: – Me er det største tunnelfylket i landet og det er klart det er ei utfordring for oss, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Tryggare enn vegane på utsida

– Paradokset er at tunnelane stort sett er tryggare enn vegane på utsida, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp).

Han kallar tunneldirektivet på fylkesvegtunnelar for «særnorsk», og viser til at direktivet berre gjeld på europavegnettet i EU.

– Staten må difor finansiera oppgraderinga, men dei årlege løyvingane er så små at me kjem ikkje i mål.

Bård Hoksrud (Frp) er fraksjonsleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han var tidlegare statssekretær i Samferdsledepartementet.

– Vi sørgde i regjering for ekstra middel både til riksvegar og fylkesvegar, blant anna med eigen ordning med tilskot til fylkeskommunar for å kompensere utgifter til å oppfylle tunnelforskrifta. Vi vil framleis prioritere dette i Stortinget, men vi er heilt avhengige av at fylkespolitikarane også er villige til å prioritere dette, seier han.

Ifølgje ein rapport frå Riksrevisjonen må 475 tunnelar utbetrast dei næraste åra til ein samla prislapp på 30 milliardar kroner.

– Fylkeskommunane sitt ansvar

– Rett nok er standarden på norske tunnelar i stor grad god, men vi er opptekne av at dei skal bli enda betre, skriv samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ein e-post til NRK.

Han presiserer at «tunnelar på fylkesveg er fylkeskommunane sitt ansvar».

– Reint teknisk så betyr det at fylkeskommunane sjølve skal prioritere oppgraderingsprosjekt og framdrift for desse.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide ( KrF).

ENDA BETRE: – Rett nok er standarden på norske tunnelar i stor grad god, men vi er opptatt av at de skal bli enda betre, skriv samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til NRK.

Foto: Tobias P. Simonsen / NRK

Frank Willy Djuvik er fraksjonsleiar for samferdsle i Vestland Frp. Han seier ansvaret for riksvegane, som i 2010 vart overført frå Staten til fylka, er «grovt underfinansierte».

– No ser ein konsekvensane av dette tiltaket, der fylka ikkje eingong har økonomi til å syte for tilfredsstillande tunneltryggleik for dei vegfarande.

Han får støtte frå Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Vestland Sp.

– Nok eit døme på at tunnelfylket Vestland tapar i kampen om samferdslekronene nasjonalt, seier han.