Hopp til innhold

Åtte personar til sjukehus etter kollisjon på E39

Fire bilar var involverte i to kollisjonar på E39 ved Langelandsvatnet mellom Førde og Sande måndag kveld. Totalt åtte personar vart køyrde til sjukehus i ambulanse.

Kjedekollisjon, E39 ved Langelandsvatnet Førde/Gaular

TRAFIKALE PROBLEM: Det var store trafikale problem og lange køar på ulukkestaden etter kjedekollisjonen, men klokka 19.50 var vegen rydda att.

Foto: Alf Vidar Snæland

Seint måndag kveld opplyser Helse Førde at tre av dei involverte pasientane vart undersøkte på sjukehuset i Førde. Dei er lettare skada og har fått poliklinisk behandling.

– Vegen vart rydda att klokka 19.50 og no er det fri passasje forbi ulukkesstaden. Vi veit enno ikkje kva som er årsaka til ulukka og kven som har skulda, men dei opplysningane eg har er at alle bilane køyrde i same retning, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar ved operasjonssentralen til Vest Politidistrikt i Bergen klokka 20.15.

Det vart først meldt om ein kjedekollisjon, men ifølgje politiet var det snakk om to ulukker som skjedde omtrent samstundes. Firda skriv at i den eine kollisjonen skal sjåføren bak ha blitt blenda av sola, og ikkje sett at bilen framfor bremsa opp. Politiet veit førebels ikkje kva årsaka til den andre kollisjonen var.

Helse Førde sende fire ambulansar. På Twitter skriv politiet at alle personane som var i bilane har kome seg ut av bilane for eiga maskin.

– Det er totalt åtte personar som har vore involvert. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, men det er store trafikale problem på staden og bilbergar er på veg, sa operasjonsleiar Hans-Eirik Thue ved operasjonssentralen til Vest Politidistrikt i Bergen like etter klokka 19.00.

Kjedekollisjon, E39 ved Langelandsvatnet Førde/Gaular
Foto: Alf Vidar Snæland