Hopp til innhold

Kaupanger-trenar: – Det er i 1. divisjon vi vil vere

Med siger eller uavgjort mot Hinna i helga får damelaget til Kaupanger spele kvalifisering til opprykk i 1. divisjon. Den utfordringa er dei klare til å ta, seier kapteinen.

Henriette Helle på damelaget til Kaupanger

AVGJERANDE: Silje Torvanger og resten av Kaupanger damelag møter Hinna i seriefinale på søndag (arkivfoto).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Før seriefinalen i Stavanger søndag ligg Kaupanger på toppen av tabellen med 50 poeng.

Eitt poeng under ligg motstandaren dei skal møte i helga, Stavanger-laget Hinna.

– Med siger eller uavgjort vinn vi avdelinga. Tapar vi, blir Hinna avdelingsvinnarar. Så det betyr mykje, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Øystein Lindesteg Rinde

TRENAR: Øystein Lindesteg Rinde seier laget tek ein kamp om gongen, men meiner laget er klar for utfordringa 1. divisjonsspel kan gi.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Tvilar på at Hinna klarar å bryte den gode stimen

Kaptein Andrea Hopen fortel at laget måtte gjennom ein skikkeleg snuoperasjon på vegen til tabelltoppen.

– Vi starta dårleg i år. Då sommaren nærma seg var det så enkelt som at om vi ville vere i toppen, måtte vi vinne alle dei siste kampane. Det har vi gjort. No må vi berre fortsette den gode stimen. Eg tvilar på at Hinna klarar å bryte den, seier kapteinen.

Det er eit målretta lag som går på bana klokka 13 på søndag. Det er nøkkelen til at dei har gjort det så bra, meiner Hopen.

– Vi veit kva vi vil, og vi veit korleis vi vil stå fram på bana. Alle spelarane går på med innstillinga at vi skal vinne kvar kamp, og gjer sitt beste. Då fungerer vi veldig bra i lag.

Rebekka Bergum Skaasheim blir skildra som ein av dei kreative spelarane på laget av trenaren.

Ho trur Kaupanger-damene har eit fortrinn.

– Sjølv om Hinna er på heimebane, så er vi sterke og vi veit at vi slo dei i vår. Det kan gjere oss tøffare, seier Bergum Skaasheim.

Andrea Hopen og Rebekka Skaasheim

JOBBAR: Både Rebekka Bergum Skaasheim og Andrea Hopen vart ferdige på vidaregåande i år. Dei reiser ikkje frå bygda enno, for det er fotballen dei satsar på.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Jobba to år mot opprykk

Øystein Lindesteg Rinde tok over laget for to sesongar sidan. Målet har heile tida vore opprykk.

– Vi har jobba målretta i to år for å kartlegge spelarar, få inn gode spelarar, og bygge god treningskultur. Vi har fått til ein god gjeng rundt laget, og mange gode fotballspelarar, seier Rinde.

Han meiner dei har funne riktig oppskrift på suksess i år.

– Det er ei fantastisk stemning i laget, samstundes som vi har kvalitet og seriøsitet. Det er vår styrke.

Ungt lag

Om laget vinn avdelinga si skal dei inn i kvalifiseringskampar mot dei andre avdelingsvinnarane. Går det vegen der, ventar 1. divisjon.

Den utfordringa er laget klare til å ta, slår Andrea Hopen og Rebekka Bergum Skaasheim fast.

– Første divisjon hadde vore spennande, men utfordrande. Men sjølv om vi er unge, er vi lovande. Eg trur vi kan bite godt frå oss der oppe, seier Skaasheim.

– Og det er snakk om å ha med nokre med litt erfaring, som veit kva som må til for å halde seg der oppe. Eg trur laget er klare for å ta utfordringa.