Katten hadde klart å kome seg inn i trafostasjonen på Tefre i Førde rett etter midnatt måndag natt.
- Her har katten kome borti spenninga, og rett og slett blitt grilla, fortel nettsjef i Sunnfjord Energi, Hilmar Fredriksen, til firda.no.
Besøket resulterte altså i korslutning og dermed miste husstandane i Tefre- og Slåttenområdet straumen ein times tid. I Angedalen kom ikkje straumen tilbake før klokka halv åtte måndag morgon.
Fredriksen fortel om mykje sot og røyk i trafostasjonen. Sunnfjord Energi har no vaska ned stasjonen og skifta ut dei øydelagde delane.
Fredriksen veit ikkje korleis katten har kome seg inn i trafostasjonen, men det er visstnok sjelden med slite besøk, skal vi tru nettsjefen.