- HØYR:
- Det er ikkje noko mål i seg sjølv. Men eg held det gåande heile året, og då må eg ta det som det kjem, seier Rønnaug Moen.
Kulda på land er tøffast
Den spreke kvinna står på stranda ved Erdal like utanfor Førde i Sogn og Fjordane. Her badar ho året rundt - men det er ikkje kvar dag kvikksølvet nærmar seg 20 minusgrader.
- Temperaturen i vatnet er ikkje noko problem. Utfordringa er kuldegradene på land, forklarer Moen.
- LES OGSÅ:
NRK fekk bli med isbadaren på vinterens kaldaste dag så langt. Kalenderen viser januar - termometeret nesten 20 blå.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)
- Må vere varm i kroppen
- Eg gruar meg ikkje, men kuttar berre slike tankar heilt ut. Eg må ikkje bli for kald for tidleg, og syter for at eg er god og varm i kroppen før eg går uti, seier Moen.
- LES OGSÅ:
Medan NRKs reporter helst ikkje vil ta av seg vottane for å kjenne på badetemperaturen, kler Moen av seg ytterkleda og vassar uti i berre badedrakt og lue.
Etter nokre meter kastar ho seg uti vatnet og tek nokre symjetak.
... og så hastar det å få på klede
Vel oppe hastar det med å få på seg varme klede.
- LES OGSÅ:
- Det var godt å komme seg ned i vatnet. Det er mildare klima der enn på land, seier Moen.
- No må eg berre på meg fillene.