Hopp til innhold

- 28,5 grader

Temperaturen kryp nedover i fylket.

En istapp
Foto: Mari Kleiven, Lillehammer

LES OGSÅ; Bitande kaldt på Stadt

På Veitastrondi vart det i morgontimane onsdag målt minus 28,5 grader. Det er det kaldaste John Molland har målt i vinter.

- Ja, det er nok det ja, seier han.

Friskt

- Har du vore ute og kjendt på temperaturen?

- Ja, eg gjekk ein liten tur frå stova og bort til fjøsen, og det var friskare enn det pleier å vere. Det opna luftvegane skikkeleg, seier han.

- Det vert ikkje mykje utearbeid i dag då?

- Nei, det er vel å gjere det aller mest naudsynte. Også får eg gå inn og legge i omnen og fyre ekstra.

Molland er bonde, og opplever at kulden fører til utfordringar.

- Det er byrja å fryse i siloen fordi det er så kaldt. Så eg må spa opp det som er der og tine det i fjøsen, seier han.

Vore kaldare før

Men for Molland er ikkje minus 28,5 grader noko rekordkulde. Då han vaks opp på 60-talet på Veitastrondi meiner han det var mykje kaldare.

- Då var edy ned i minus 39 grader då, ler han.

Og Veitastrand er truleg den kaldaste staden i fylket akkurat no.

Varselet for fylket i dag frå meterologane viser at det kjem til å kome sørleg frisk bris 10 meter per sekkund utsette stader, og at det frå i kveld av vil vere skiftande bris. Det kan også kome søraust frisk bris.

Minusgrader overalt

Det er minusgrader alle stader i Sogn og Fjordane no, men kor kaldt det er varierer veldig.

På Sognefjellet er det austleg flau vind og - 20 grader. I
Øvre Årdal har dei - 14 grader, i Sogndal på Haukåsener det austleg flau vind og -17 grader. I sentrum av Sogndal er det litt varmare med 13 minusgrader.

I Fjærland har dei minus 20 grader i morgontimane. På Sandane er det minus ti grader med søraustleg lett bris.

I Daleer det minus 17,5 grader, i Førde sentrum er det minus 15 grader.

På Førde - Bringelandsåsen er det nordvestleg svak vind og minus 14 grader.

I Flora er det austleg lett bris og minus 5 grader.

Lokale variasjonar

Trass i at vêret er kaldt og fylket er vinterkledt har politiet lite å gjere. På godt vinterføre med sterk kulde er det lite glatte vegar. Men vinden kan gje utfordringar. Tysdag var Ytre Stadlandet nesten isolert på grunn av den sterke vinden. Den rørte opp snø som igjen gjorde det umogleg å sjå vegen fleire stader.