Søndag 13. august starta kompisane Svein-Tore Brundtland og Roy Middelton på den lange reisa frå Årdalstangen inst i Sognefjorden til Sandnes i Rogaland.
Dei skal ro rundt 500 kilometer med ein oselvar for barnekreftforeininga.
Men på dag to skjedde det noko ganske så uventa i Sognefjorden i nærleiken av Fresvik.
– Roy skulle sleppe ein liten fjert, men så gjekk det gale. Han måtte rett til land, seier Brundtland medan han humrar i telefonen frå robåten.
Dei snudde båten 90 grader og rodde til land.
Der ror dei meir eller mindre rett på ein flaskepost som ligg i fjæra.
1000 euro som finnarlønn
Først tenkte dei at det var eit barn som hadde sendt flaskeposten.
– Men vi reagerte på at det var ei mørk glasflaske som hadde hatt edle dropar med opp i 40 alkoholprosent.
Det såg heller ikkje ut som at flaska hadde vore lenge i sjøen. Dei reagerte og på at det var så fint papir.
Og det skulle visa seg at flaskeposten kom frå verdas største katamaran-seglbåt, SY Hemisphere, som besøkte Vestlandet i sommar.
I brevet stod det at finnaren skulle få 1000 euro om ein tok kontakt.
Slik såg brevet ut i flaskeposten.
Foto: Privat– Det er lett å bli religiøs
Dei to kompisane sende e-post til avsendaren og fekk raskt svar.
– Dei har heldt ord, og overførte pengane dei lova i flaskeposten til aksjonen vår, seier ein oppglødd Brundtland.
Flaskeposten var kasta ut av mannskapet på luksuskatamaranen «Hemisphere». I slutten av juli låg båten til kai i Bergen.
Foto: Sigurd Hamre / NRKSognefjorden er Noregs lengte og djupaste fjord, og verdas nest lengste.
– Tenk at vi rodde rett på den. Det er lett å bli religiøs. Sannsynet er jo heilt fantastisk lågt.
Så langt rodd for 70.000 kr
Brevsendaren skriv i svaret at han syntest det var kjekt at det gjekk til eit velgjerande formål.
– Det er jo litt spesielt. At det er akkurat vi som finn det som har ein aksjon på gong. Så det er jo veldig kjekt.
Så langt har dei to spreke roarane samla inn over 70.000 kroner, og dei 1000 euroane kom godt med.
– Og så er det jo morosamt at det var ein fjert som utlyste heile greia, ler Brundtland som har fått lov av Middleton til å fortelja om det vesle uhellet.