Azar Karadas og lagkamerat Nuno Gomes. (Foto: Reuters/Scanpix)
I morgon er det heimekamp mot botnlaget Beira Mar, og alle ventar ny siger av Karadas og lagkameratane.
Mykje speletid
Eidaren har funne seg godt til rette i Benfica og Portugal, og har fått godt med speletid. På 18 kampar har laget sanka 31 poeng. Både publikum og media krev ein plass i toppen for Benfica.
- Heilt vilt
- Om det er stor interesse for fotball heime i Noreg, så er det heilt vilt her i Lisboa, seier Karadas. Sjølv kjenner han seg godt motteken av både publikum og media.
Nesten nattarbeid
Og noko som er uvant frå den heimlege serien, er at kampane startar så seint som klokka 22. - Men dette er heilt greitt, fordi det fort blir for varmt på dagtid, seier Azar Karadas.