Hopp til innhold

Kaotisk, lang ferjekø på Stord

Det er svært lang kø i retning nordover mot Sandvikvåg ferjekai på E39 over Stord, skriv BT.

Trafikkoperatør Arne Viken i Vegvesenet seier køen står oppover i hovudvegen, og at også bilar som skal til Fitjar, ikkje til ferja, dermed blir ståande fast i køen.

Han fortel at ferjeselskapet Torghatten seier dei ikkje får brukt alle felta på ferjekaien, fordi dei ikkje har nok mannskap til å halda styr på køen.

Klokka 19.30 melder vegtrafikksentralen at ein ifølge ferjemannskapet må rekne med å stå over éin eller to ferjeavgangar.