– Det er ganske feitt, kommenterer den 25 år gamle radioprofilen.
Saman med medprogramleiar Live Nelvik i P3 Morgen er Aase både nominert til Årets radionavn og Årets programleder/programlederteam under den årvisse Prix Radio-kåringa.
- LES OGSÅ:
Vann i fjor
– Eg tykkjer det er stas å vere nominert med P3-morgen. Det har eg ikkje vore før, så det er veldig hyggjeleg. Eg er spent på korleis det går, seier sunnfjordingen til NRK.no.
Han vann i fjor prisen Årets radio-DJ. Men kor vidt P3-paret får pris under årets Radiodager i slutten av september, torer han ikkje spå.
- LES OGSÅ:
Tøff konkurranse
– Vi konkurrerer mot veldig mange gode program frå dei andre radiokanalane. Vi står opp tidleg og lagar radio. Det er digg at det ein gjer blri sett pris på. Det som i alle fall er sikkert, uansett om vi vinn eller ikkje, er at det blir to hyggjelege radiodagar, fastslår Aase.
Blant dei nominerte som kjempar om tittelen Årets radionamn finn ein NRK P1s Viggo Valle og komikar Atle Antonsen i P4.
Kjend, men ikkje kjendis
Live Nelvik og Ronny Brede Aase har dei siste åra blitt lagt merke til langt utover studioveggene i radiohuset på Marienlyst. Dei to har fleire gonger vore vertskap for store TV-produksjonar, mellom anna VG-Lista Topp 20-konserten frå Rådhusplassen i Oslo.
- LES OGSÅ:
Men noko kjendistilvere i hovudstaden blir det ikkje av livet som P3-vert, seier Aase.
– Eg føler meg ikkje som kjendis. Eg jobbar radio. Folk veit ikkje korleis eg ser ut, ler førdianaren.