– Vi har fått mange gode innspel og tilbakemeldingar på han. Så får vi sjå kva det blir til. Det er berre to dagar til overgangsvindauget stengjer, seier sportssjef Håvard Flo.
Sogndal har den siste tida jobba på spreng for å få inn den kantspelaren dei har mangla før seriestart. Klubben har fleire aktuelle kandidatar, men Kjemhus skal vere ein av dei heitaste.
- Les også:
Kan spele i fleire posisjonar
21-åringen er for tida under kontrakt med Fana. Han har bakgrunn frå Brann si junioravdeling. Kantspelaren er like god med begge bein, og kan også spele sentralt på midtbana.
Allsidigheiten er noko som kan passe Sogndal bra. No er han i klubben på hospitering og for å vise seg fram for det sportslege apparatet.
– Han kan vere ein spelar vi kan bruke på fleire plassar. Men vi jobbar med fleire alternativ, utan at eg kan gå i detaljar på det no, seier Flo.
- Les også:
Har fleire spelarar på handa
Det er berre ei veke til seriestart, då Bærum kjem på besøk på Fosshaugane. Tysdag kveld spelar Sogndal mot Hødd i den siste treningskampen for alvoret startar.
Parallelt jobbar klubben med å forsterke laget endå meir.
- Les også:
– No er det kantrolla vi jobbar mest med, men vi har også nokre andre ting på gang. Eg håpar at vi har noko på plass i løpet av dei siste dagane før overgangsvindauget stengjer, seier Flo.