Hopp til innhold

Ikkje innstramming i Bergen etter utbrot i bedehus: – Kunne ønska oss bom på Askøybrua

Smitteutbrotet i Askøy gir førebels ikkje strengare koronatiltak i Bergen og åtte andre nabokommunar. Lokale og sentrale styremakter har i dag vurdert situasjonen.

Kleppe bedehus på Askøy

SMITTE: Mange er smitta og fleire hundre er i karantene etter at 66 personar deltok på ei gudsteneste i Kleppe bedehus på Askøy.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me er alltid bekymra når det kjem utbrot i nabokommunar. Det er jo ikkje bom på Askøybrua, sjølv om me kunne ha ønska oss det.

Det sa assisterande smittevernoverlege Egil Bovim i Bergen kommune før møtet som starta klokka 13..

Der diskuterte Statsforvalteren og Folkehelseinstituttet (FHI) med kommunane om det måtte innførast ei felles regional forskrift.

Konklusjonen er at det i denne omgang ikkje blir innført regionale tiltak i Bergensområdet etter smitteutbrotet knytt til møte i nokre trussamfunn.

– Kommunane, i samråd med FHI, vurderer situasjonen som eit framleis avgrensa utbrot, der per i dag nye påviste tilfelle, med få unntak, allereie er i karantene. Det vert difor ikkje innført regionale tiltak i dag, men kommunane er klar til å setje inn tiltak raskt om situasjonen endrar seg, heiter det i ei pressemelding.

Det var kommunane Askøy, Bergen, Øygarden, Alver, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Samnanger, Austevoll og Austrheim som deltek på møtet.

Bakgrunnen er at det på Askøy vart påvist 17 nye smitta fredag og 26 laurdag.

Askøy har no registrert rundt 1000 i karantene, inkludert innbyggjarar i andre kommunar, til dømes lærarar og sjukepleiarar som jobbar på Askøy, opplyser ordførar Siv Høgtun (H) til BT søndag.

Bedehusmiljø

Mykje av smitten der er knytta til utbrot i bedehusmiljø i Askøy og Øygarden. Opptil 66 personar var samla til gudstenester, med personar frå begge kommunane.

I etterkant var Askøy-ordføraren skuffa over at desse kyrkjelydane ikkje hadde følgt smittevernråda om å ikkje samlast unødvendig, og å ikkje delta på arrangement i andre kommunar.

Testing i det nye testteltet på festplassen i bergen korona

FRYKTAR AUKE: Dei noverande låge smittetala i Bergen skal stiga på grunn av smittepresset i nabokommunar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) sa før møtet at dei vil stilla opp med strengare tiltak dersom Askøy treng det, slik dei også gjorde då Bergen trong det.

– Eg antar møtet har gjera med situasjonen i kommunar rundt oss, og er beden om å bli med på møtet. Men eg har ikkje sett nokon agenda, seier Bovim til NRK.

Innsats for nabokommunane

Bergen har no låge smittetal, og har hatt det i lengre tid. Då smittesituasjonen i Bergen tidlegare var alvorleg, vart nabokommunane med på ei regional forskrift der også dei skjerpa sine koronatiltak. Bovim kan ikkje svara på om Bergen no skal gjera ein tilsvarande innsats for nabokommunane sine.

– Det er eit politisk spørsmål, seier han.

Egil Bovim

UROA: Assisterande smittevernoverlege Egil Bovim i Bergen er bekymra over aukande koronasmitte i nabokommunar.

Foto: Anne B. Vassbotn, KoKom

– Men er de urolege for at dei noverande låge smittetala i Bergen skal stiga på grunn av smittepresset i nabokommunar?

– Ja, dette er jo same bu- og arbeidsregion. Det er derfor me samarbeider og held kvarandre informert om smittesituasjonen og smittetiltaka.