Hopp til innhold

Kamp på centimeteren: Er dette det høgste treet i Noreg?

KAUPANGER (NRK): Ei 120 år gammal sitkagran i Bergen har i fire år vore Noregs høgste. No har ei 40 år yngre edelgran i Sogn utfordra plasseringa.

Sommaren 2016 vart ei sitkagran i Fjellsiden i Bergen målt til 50,35 meter.

Det heldt til rekord, og førsteplass på lista over landets høgste tre. Sidan har det stått støtt i Bergen, langs fjellsida på veg opp mot Fløyen.

Men no, fire år etter, har grana fått konkurranse.

– Eg er spent på om eg kan ta rekorden frå Bergen, seier grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm på Kaupanger i Sogn.

Siktagran, Bergen

PÅ TOPP: Denne sitkagrana i Bergen har hatt trona for seg sjølv i fire år – men no er det duka for konkurranse.

Foto: Bergen Trepleie

Ein yngre utfordrar

Også her er det gode vekstforhold for å strekke seg mot himmelen.

Den rekordhøge grana i Bergen er planta for 120 år sidan, medan treet i Kaupanger er 80 år.

– For skogbruket er dette alltid interessant – og det har lenge vore ein tvikamp mellom desse kjempe-edelgranene og sitkagrana i Bergen, seier Frode Hjorth, dagleg leiar i Skogfrøverket.

NRK er med han inn i skogen på Kaupanger, for å vere med på målinga av edelgran-utfordrarane.

– Sidan grana i Bergen vart målt i 2016, har vi ei forventning om at denne skal vere litt høgare. Å få avklart det er spennande i seg sjølv, seier Hjorth.

Frode Hjorth, Skogfrøverket

Spennande: Frode Hjorth i Skogfrøverket er spent på å finne ut kor mange meter grana på Kaupanger er.

Foto: Sondre Dalaker

Målte på nytt

I Bergen meiner dagleg leder hos Bergen Trepleie, Bjørnar Aasbø, at sitkagraner kan bli opp mot 80 meter.

Då Bergen fekk nyss i at ei offisiell måling av konkurrenten i Kaupanger var bestilt, heiv dei seg rundt og gjennomførte ei måling – heilt i siste liten. Målinga vart gjort med drone.

– Vi meiner treet i Bergen er det høgaste. Vi målte 53,2 meter, seier Aasebø.

Han strekar likevel under at deira måling ikkje er ei offisiell måling.

– Vi brukte drone med laser, men vi meiner altså at den er nøyaktig nok og at vårt tre er det høgste.

Berre målband er godt nok

Kvar står så det største norske treet i 2020?

Hjå eigaren av utfordrar-grana på Kaupanger kriblar det i magen. Der skal metermålinga gjerast med målband.

– Ei dronemåling er ikkje nøyaktig nok. Her skal vi gjere det på ordentleg vis, slår Hjorth fast.

Så er resultatet klart.

Jubel etter resultat av tremåling på Kaupanger

Jubel etter resultat av tremåling på Kaupanger

Utfordraren i Sogn vart målt til 51,1 meter. 75 centimeter lenger enn den fire år gamle offisielle målinga i Bergen.

– Og det er fire vekstsesongar sidan. Det er så jamt at eg ikkje klarer å kåre ein vinnar her og no, slår Hjorth fast.

Også i Kaupanger måla dei med drone. Der såg dei at feilmarginen med den målinga var ganske stor.

Soleklar vinnar?

Dermed er det daudt løp. Men eigaren av grana i Kaupanger meiner likevel han har stukke av med sigeren, enn så lenge.

– No er dette treet det høgaste – og det lever vi godt med fram til noko anna er bevist, ler han.

I Bergen ønskjer dei konkurransen velkomen.

– Det er berre flott at fleire måler. Vi skal ha ei ny offisiell måling i Bergen, så det blir omkamp, seier Aasebø.