Hopp til innhold

Bikkjekald start på veka - og det blir skikkeleg vinterver i lang tid framover

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane vakna til årets kaldaste start på dagen. Og det skal halde fram med skikkeleg vintervêr utover i veka.

Femten minusgrader på Utvikfjellet

KALDT: Kald start på dagen på Utvikfjellet måndag morgon.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det har vore den kaldaste natta så langt i vinter, med låge temperaturar fleire stader. No er det heilt klart vinter, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen til NRK.no.

I morgontimane fekk NRK rapportar om temperaturar ned mot 15 minusgrader i indre strok av Sogn og Fjordane, mellom anna på Skei i Jølster og på Utvikfjellet.

Langs kysten skal temperaturane ha vore nede i fire-fem minusgrader.

– I dag må det gode rådet vere å kle godt på seg. Eg prøvde med vantar då eg sykla til jobben, og angra på det. Eg burde nok ha hatt vindtette vottar, seier Andersen.

... og vintervêret skal halde fram

– Utover dagen skal det gradvis skye til. På ettermiddagen og utover kvelden kan det komme nedbør – og då vil det vere som snø. Det er ikkje snakk om store mengder, men det kan nok drysse litt, seier meteorologen.

Ho meiner vi også vil få kalde vinterdagar tysdag og onsdag.

– Tysdagen vil byrje med at det framleis vil drysse litt snø. Men så får vi kanskje sjå sola litt utpå dagen.

– Så ser onsdagen bra ut. På kvelden onsdag, og utover torsdag og fredag kan det så komme små menger nedbør, og då gjerne som snø, seier Andersen.