Hopp til innhold

Ho har valt ein viktig jobb nesten ingen i Noreg vil ha

Få vil gjera som Kaja Lunde (23). Ho er selskapets einaste lærling i eit yrke landet treng men som er på veg til å forsvinna. Bransjen kallar det krise.

Kaja Lunde, lærling i industrimåler i Aker Solutions.

STORTRIVST: Kaja Lunde tek ned ferdigmåla røyr som er klare for Johan Castberg-prosjektet. Ho har gode utsikter for jobb i mange år framover.

Foto: Olav Røli

Jobben hennar er ein viktig del av norsk industri.

Men nesten ingen andre enn Kaja vel dette yrket.

– Når eg seier kva eg gjer, anar ikkje kva folk kva slags yrke det er snakk om, seier 23-åringen frå Bømlo.

Sjølv høyrde ho om yrket på sin tidlegare arbeidsplass, der ho var billakkerar. Men no jobbar ho i staden med sandblåsing og lakkering av ståldelar på store industriinstallasjonar.

Av 44.961 lærlingar i heile Noreg, er det per i dag 27 som har valt det same som henne, nemleg ei framtid som industrimålar.

Det syner statistikk frå Utdanningsdirektoratet.

Angrar ikkje

Ved hjørnesteinsverksemda Aker Solutions på Stord er Lunde den einaste lærlingen i industrimålarfaget.

Om ikkje fleire gjer som henne, kan Noreg om få år stå utan fagfolk i dette yrket.

Dette er folk som som kan syta for at stålet i mange viktige installasjonar får beskyttelse mot det tøffe norske klimaet:

  • Havvindmøller
  • Oljeinstallasjonar
  • Bruer
  • Skip
  • Kraftverk.

– Det er stort behov for industrimålarar i Noreg, og eg angrar ikkje på at eg valte dette yrket, seier Lunde.

Anita Leirvik North

UROA: – Yrket som industrimålar er i ferd med å forsvinna, seier Anita Leirvik North i Korrosjons-, isolerings- og stillasentreprenørenes forening.

Foto: Olav Røli

Foreldre er nøkkelen

Denne veka var det krisemøte i Bergen, der mangel på fagfolk som Kaja Lunde var eit tema.

Anita Leirvik North er leiar i Korrosjons-, isolerings- og stillasentreprenørenes forening (KIS) i Norsk Industri. Ho meiner bransjen er inne i ei krise, og at 70 prosent av deira fagfolk vil forsvinna om kort tid.

– Mange vil pensjonera seg i åra framover, og rekrutteringa til yrket er stussleg, seier ho.

På møtet i Bergen snakka Leirvik North om at foreldre er nøkkelen for å få ungdom til å velja yrket, ikkje informasjonsbrosjyrar og kampanjar på sosiale medium.

Skal ein verta industrimålar i dag, må ein ta VG2 overflateteknikk ved Bodø Vidaregåande skule.

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at 13 personar søkte faget i år. Dette er også det skulen har plass til.

Amram Hadida, leiar for Fellesforbundet ved Aker Solutions Stord.

UROA: Amram Hadida i Fellesforbundet ved Aker Solutions på Stord, meiner både styresmakter og næringsliv må setja fagarbeidarar på dagsorden.

Foto: Olav Røli

Masse jobb, manglar folk

På klubbkontoret til Fellesforbundet på Stord-verftet er uroa stor over mangelen på arbeidskraft.

– Få studietilbod i Noreg, kombinert med at store deler av desse fagområda er overteke av innleigd personell frå Aust-Europa, spelar inn. Me må spørja oss sjølv om me er attraktive nok for ungdommane.

Det seier Amram Hadida, leiar for 600 lokalt organiserte i Fellesforbundet.

Nederlag for norsk industri

Jarle Henriksrud er verftsdirektør ved Aker Solutions på Stord. Han er veldig nøgd med at Lunde har valt ei framtid som industrimålar. Men er, som Hadida, uroa over mangelen på arbeidskraft.

– Me er avhengig av å ha ein base med fast personell, som kjenner vår måte å jobba på. Om den basen krympar går det utover produktiviten. Det vil vera eit nederlag for Noreg og industrien om me ikkje klarer å få tak i nok fagarbeidarar, seier han.

Kaja Lunde, lærling i industrimålar-faget.

VIKTIG JOBB: Bransjen skrik etter fleire som Kaja Lunde (23). Ho er industrimålar på Aker Solutions Stord.

Foto: Olav Røli

Jobbar med grønt skifte

Tilbake i hallen seier Kaja Lunde at hennar yrke slett ikkje berre er oljerelatert.

– Nei, det vil også vera stort behov for oss i samband med det grøne skiftet. Sjønære produkt, som havvindmøller, må framleis verta beskytta mot korrosjon. Eg ser føre meg ei lang framtid i industrien, seier ho.