Hopp til innhold

Mykje skal til om ikkje June sikrar den første sølvmedaljen i handball

Gloppejenta June Andenæs blir truleg den første frå Sogn og Fjordane som tek sølvmedalje i den øvste divisjonen i handball.

June Andenæs mot Thüringer HC

STERK LINJESPELAR: June Andenæs i Champions League-kamp mot Thüringer HC.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam

Laget hennar, Byåsen, ligg no på sølvplass i Postenligaen, og sjølv om det er att seks serieomgangar, er det mykje som tyder på at det blir andreplass etter suverene Larvik.

Frå før har Malene Solheim frå Dale teke bronse då ho spela for Tertnes i sesongen 2008/2009. Ho kom då frå Jotun, og står i dag i mål for Sola i Postenligaen.

Har god tru på sølv

Larvik toppar med 32 poeng, Byåsen har 28, Storhamar 25 og Stabæk 22. Onsdag vann Byåsen 31-29 over Stabæk, ein viktig siger i medaljekampen.

Byåsen har heimekamp mot Storhamar 29. februar, og June Andenæs trur på to poeng i den kampen.

– Vi slo dei klart borte, så eg har tru på at vi tek dei heime. I slike kampar er vi veldig gira og fokuserte, og med siger der er sølvet i lomma.

Gull meiner June er utanfor rekkevidde. Byåsen har heimekamp mot Larvik i siste serieomgangen, men sjølv om Byåsen skulle greie å tukte laget som ikkje har tapt mot noko norsk lag på mange år, så er dei og avhengige av at Larvik taper mot andre lag, og det trur ho ikkje skjer.

June Andenæs

I LANDSLAGSDRAKT: June Andenæs står oppført med ein A-landskamp.

Foto: handball.no

Har scora 45 seriemål

Men dersom det blir sølv er det storveges for June Andenæs, som har vore ein viktig bidragsytar for Byåsen etter overgangen frå Levanger i haust.

Overgangskluss gjorde at ho miste dei fire første kampane, men på dei 12 ho har spela har ho sett inn 45 mål og skaffa laget mange straffekast.

– Eg har fått mykje speletid og mykje tillit, i tillegg til seriekampane har eg fått prøvd meg i Champions League, eg har fått vere med på mykje nytt og spennande og har fått tøff matching. Det har eg vakse på, og det har vore kjempekjekt.

Og det at ho kan bli historisk som den første frå Sogn og Fjordane med sølvmedalje frå toppserien i handball har ho ikkje tenkt noko på.

– Men om det er tilfelle så er det veldig kjekt.

Arvid Gimmestad

IKKJE OVERRASKA: Arvid Gimmestad, leiar i Norges Håndballforbund Region Vest.

Foto: privat

– Ukueleg vilje

Arvid Gimmestad, som sjølv er frå Gloppen, er leiar for Region Vest i Norges Håndballforbund. Han er ikkje overraska over at June Andenæs blir historisk på denne måten.

– Eg har kjent June frå ho var ei lita jente. Det som kjenneteiknar henne er ein ukueleg vilje til å legge ned det arbeidet som skal til for å bli god. Trass i motgangsperiodar har ho halde fram med å trene og trene, og for det har ho hausta fantastisk gode resultat. Eg er veldig glad på hennar vegner, seier han.

Gimmestad trur det June Andenæs har vist kan vere til inspirasjon for andre handballspelarar frå Sogn og Fjordane.

– Ho er eit veldig godt føredøme for andre gutar og jenter som har lyst til å bli gode å spele handball. Dersom dei ser på kva ho har fått til gjennom solid treningsvilje og stå på-vilje gjennom mange år så har dei mykje å lære av henne.

Landslagssamling

June Andenæs er mellom spelarane som er kalla inn til rekruttlandslagssamling 16. til 19. februar, ei samling der dei fleste på A-landslaget ikkje er med. Men ho ser på det som ei tillitserklæring.

– Det er positivt at dei har lagt merke til meg, så får vi sjå kva som skjer. Eg har ikkje så mykje meir å seie om det no. Eg har iallfall lyst til å vere med og kjempe om landslagsplass, men det er ein hard kamp.

For ho konkurrerer med to linjespearar som ikkje er lette å vippe av pinnen, Heidi Løke og Marit Malm Frafjord. Arvid Gimmestad meiner June Andenæs er veldig nær dei to.

– Men skal June få innpass på A-landslaget må Løke og Malm Frafjord melde forfall på grunn av skade eller andre årsaker. Men om det skjer så er June ei av dei som er nærast til å steppe inn.

Truleg til kvartfinale i Europacup

Då NRK.no snakka med June Andenæs fredag morgon, sat ho på Gardermoen og venta på flyet til Polen, der Byåsen laurdag skal spele returkamp i åttandedelsfinalen i Europacupen for cupvinnarar mot MKS Zagliebe Lubin.

– Vi vann med 14 mål heime, så eg har god tru på at vi tek oss vidare til kvartfinale.

I Postenligaen er det to spelarar til frå Sogn og Fjordane, Hege Bakken Wahlquist frå Øvre Årdal og Malene Solheim frå Dale. Begge spelar for Sola, som akkurat no ligg på kvalifiseringsplass med ti poeng.

Den tidlegare Jotun-jenta Hege Bakken Wahlquist har sett inn 32 seriemål for Sola. Malene Solheim står i mål for Sola. Byåsen og Sola skal møtast i seriekamp 7. mars.