Hopp til innhold

Med landslaget i sikte

June Andenæs frå Gloppen har teke eit steg nærare det norske landslaget i handball.

June Andenæs

June Andenæs i kamp med Larvik-forsvaret med landslagsspelarar som Karoline Dyhre Breivang, Tonje Larsen og Kari Mette Johansen.

Foto: Johan Arnt Nesgård

Den nye landslagssjefen har kalla henne inn til samling med rekruttlandslaget.

- Kjekt og overraskande

25-åringen fekk handballsporten nærast inn med morsmjølka. Både faren, mora, tre onklar og ei tante var gode spelarar. No gler seg over at karrieren har teke eit steg vidare.

- Eg synest det er veldig kjekt, litt overraskande. Eg gler meg til samlinga og håpar eg kan vise kva eg er god for, seier ho.

- Hadde rykt ned utan June

June Andenæs melde overgang frå Bjørnar til Levanger i fjor, og er blitt ein svært populær spelar blant trønderane. Laget har rett nok slite tungt og måtte gå gjennom kvalifisering for å unngå nedrykk. Journalist Tormod Lingeberg i Trønder-Avisa meiner at Levanger ville ha rykt ned utan June Andenæs.

- Ho toppar suverent spelarbørsen i avisa vår, ho er toppscorar, og det er ikkje vanleg at ein strekspelar er det.

- Nær landslagsplass

Lingeberg er ikkje overraska over at spelaren frå Gloppen er teken ut til rekruttlandslagssamling.

- Eg meiner at ho ikkje er langt unna ein landslagsplass. På landslaget er Heidi Løke, Marit Malm Frafjord og Isabel Blanco strekspelarar. Eg meiner June Andenæs er heilt på høgde med Isabel Blanco. Ho driv nærast med akrobatikk, ho har ei eiga evne til å ta imot ballen og skyte i ein og same bevegelsen.

Kollaps då ho vart utvist

Lingeberg framhevar og forsvarsarbeidet hennar. I heimekampen mot Stabæk sette ho inn fire spelemål og spela veldig godt i forsvar, så godt at landslagsspelar Linn Jørum Sulland ikkje fekk eit einaste spelemål. Levanger leia 24-21. Men så fekk June raudt kort, Levanger kollapsa totalt, og Stabæk vann kampen 29-25.

Thorir

Thorir Hergeirsson

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Ein av dei som heilt tydeleg har fått kjennskap til June Andenæs er den nye landslagstrenaren, Thorir Hergeirsson, som har kalla henne inn til ei treningssamling for rekruttlandslaget i Sandefjord 7. til 10. mai.

- Der blir det å kome inn i dei systema dei brukar på landslaget, slik at vi lettare kan ta steget opp, seier June Andenæs.

- Ikkje kort veg

June Andenæs
Foto: Levanger HK

Og June er no eitt steg nærare det stjernespekka og meritterte kvinnelandslaget i handball, men ho vil ikkje vere med på at vegen dit er blitt kort.

- Nei, vi har Heidi Løke og mange gode strekspelarar, men vegen dit er iallfall kortare enn han var før. Når eg er på rekruttlandslaget har eg ein OK sjanse til å ta steget opp seinare. Akkurat no når sesongen er over er eg vel litt handball-lei, men sjølvagt så motiverer det å få innkalling til rekruttlandslagsamling.

- Drøymde om det som lita

- Så draumen er altså å kome på landslaget?

- Det var draumen då eg var lita, no i vaksen alder har eg vel ikkje tenkt at det er så aktuelt, men eg vil sjølvsagt jobbe for det dersom eg får sjansen.