Noregsmeisterskapet i hundesporten agility gjekk føre seg i Drammen i helga, og laget frå Bergen vann søndag i klassen for mellomstore hundar.
– Det var kjempeherleg å vinna – utruleg kjekt, seier Vibeke Kalvenes.
I sporten vert det konkurrert i tre størrelsar; stor, liten og mellom, og både i individuell klasse og i lag. På kvart lag er det fire hundar med kvar sin førar.
Dei fire jentene har vore eit lag heile sesongen, men dette var deira første meisterskap.
– Me låg på tredjeplass etter kvalifiseringa, og når finalen kom så kom me oss gjennom løypa ganske feilfritt. Det gav god utteljing, seier Kalvenes med eit smil
FORNØGD MED SIGER: Vibeke Kalvenes saman med hunden Flori. Ho drøymer om at dei ein dag kan ta individuell medalje i NM.
Foto: PrivatKjekt for dei firbeinte
Dei fire hundane som tok gullmedalje heite Shejpa, Jippi, Nemi og Flori. Ifølge Kalvenes stortrivast også dei firbeinte med sporten.
– Ja, me merkar godt på hundane at dei likar å vera med på konkurransane, dei er glad i å vera i aktivitet.
Sporten krev sitt, og det må trening til for å få gode resultat.
– Me trenar ganske mykje på hinderløypene – i alle fall tre gonger i veka. Om ein har stemner i helga trenar ein mindre i vekene. Det er utruleg kjekt å oppleva eit samspel med hundane, seier Klavenes.
Satsar vidare
Dei fire hundeentusiastane konkurrerer i lag gjennom heile året, og det er gjennom resultata der ein kvalifiserer seg til NM.
– Tre av oss skal fortsetta saman. Ei av oss flytter dessverre til Stavanger og skal halda fram med sporten der. Målet er å kvalifisera seg til NM neste år.
Kor lang tid det tek før hundane kjem opp på eit høgt nivå varierer veldig.
– Det varierer frå hund til hund, og kjem også veldig an på føraren. Er føraren erfaren vil hunden raskare bli god i sporten, legg ho til.
Det er mange som har hive seg på agility-bølga dei siste åra ifølge Kalvenes.
– Eg synest det er blitt meir og meir populært, og me ser at det er stor etterspurnad etter nybegynnarkurs.
Monica Skjold frå Bergen vann bronse individuelt i klassen for liten hund.