Hopp til innhold

Slik jubla ordføraren i Jølster for NTP-pengar

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg er jublande glad for at E39 Bjørset-Skei ligg inne i Nasjonal Transportplan som vart presentert fredag.

Created by InfoDispatcher

SNART SLUTT: Slik er Bjørset-Skei i dag. Men om fire-fem år har strekninga gul midtstripe. Foto: Vegard Tjørhom/redigering: Ole André Rekkedal

Jølster må kunne seiast å vere ein av dei klare vinnarane i Sogn og Fjordane når det gjeld denne periodens NTP.

Dei får ny E39 langs Jølstravatnet, rassikring ved Skjersura og i den siste perioden ligg det inne 710 millionar kroner til rassikring av Kjøsnesfjorden.

Det kling som musikk i øyra til Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

– Dette er ein veldig god dag for Jølster. Vi får inn Bjørset-Skei som vi hadde håpa på. I tillegg ligg det truleg inne ei rassikring av Skjersura i NTP i løpet av den første fireårsperioden, seier Klakegg.

Vil komme kjapt i gang

At dette vil merkast godt for dei som trafikkerer strekninga på E39 er han ikkje i tvil om, sjølv om det vil bli nokre krevjande år medan vegarbeidet går føre seg.

– Håpet no er å komme raskast mogleg i gang med arbeidet med opprusting og utviding av E39 langs Jølstravatnet. Men det er klart det blir ein utfordrande anleggsperiode, seier Klakegg.

Han er klar på at det er ei rekkje utfordringar som må løysast for at opprustinga skal gå så knirkefritt som råd for trafikantane, men han er klar på at det skal gå.
Men når ein veit kva ein har i vente, er det truleg verdt det.

– Då har vi forhåpentlegvis ein 8,5 meter brei veg, gang- og sykkelveg i Årdalen og ein moderne og framtidsretta veg, seier Klakegg.

Kampen starta på 70-talet

Men det er eit stykkje fram dit.

– Håpet er at vi kjem raskt i gang. Då kan vi håpe på at vi er ferdige i 2017 eller 2018, seier Klakegg.

Men vegen fram har vore lang. Kampen for strekninga tok til allereie på 1970-talet, og dei første planane vart lagde.

Dette starta med stikkinga og planlegginga av utbetringa spesielt på Hus allereie på 70-talet. Både på 80- og 90-talet var det nye stikkingar av vegen.

– Dette er nok noko som dei fleste av dei som bur langs Jølstravatnet har venta på svært lenge, seier Klakegg.