Hopp til innhold

Astrup får ikkje besøkssenter

Rådmann i Jølster Jostein By seier arbeidet med nytt astrupsenter er avslutta.

Besøkssenter ved Astruptunet sett frå aust

Det vert ingenting av det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet på Sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Illustrasjone: Ly arkitekter

Rådmannen rår altså til at det ikkje vert arbeidd meir med besøkssenteret.

Fylkeskommunen for seine

Bye meiner kommunen har gjort det dei har kunna for at senteret skulle bli ein realitet. Men etter at riksantikvaren sa nei, og fylkeskommunen sa nei, var det ikkje mange val att for rådmannen.

- Eg kunne vel ønskt at fylkeskommunen hadde vore tidelegare ute med si fråråding av senteret slik at vi kunne unngått dei lange prosessane vi no har vore gjennom, seier By.

Kommunestyret skal handsame saka om to veker, men det er lite som tyder på at politikarane vil gå i mot forslaget til rådmannen.

Kosta 3 millionar

Arbeidet med senteret har ikkje vore gratis. kommunen har teke av fondsmidlar for å kunne drive prosessen mot eit besøkssenter.

- Det har vel kosta omlag 3 millionar kroner.

- Er dette pengar rett ut vindauget sidan det ikkje vert noko av planane?

- Nei, det vil eg ikkje seie. Vi har fått mykje verdifull informasjon gjennom dette arbeidet.

Kunne nekta

Kommunen kunne gått i dialog med Riksantikvaren for å drøfte og evenetuelt gjennomføre ei vesentleg endring av prosjektet slik at det får ei løysing som stettar Riksantikvaren sitt syn på å ivareta kulturlandskapet på ein betre måte.

Eller kommunestyret kunne gjere vedtak om planen slik den er. Sidan Riksantikvaren har reist motsegn mot senteret kunne då planen bli sendt til departementet som avgjer om planen kunnne godkjennast.

Men jno har altså By valgt det siste, og gjev opp prosjektet om besøkssenter.

Den ophavelege planen frå 1993 for Astruptunet vil då vere den planen kommunen går etter.

Byggjer nytt

Sjølv om besøkssenteret ikkje vert noko av, vil rådmannen at opprustinga av Astruptunet skal gå slik den er tenkt.

- Det inneber at vi rustar opp området, og kanskje får rassikra det, seier han.