Hopp til innhold

Jobbar steinhardt for å halda tørrmuringstradisjonen i live

Stein for stein lagar elevane på Stend vidaregåande skule grunnmurar. Dei jobbar for å halda tørrmuringstradisjonen i live.

Peter Jarane tørrmurer

TØRRMURING: Peter Jarane går på Anleggsgartnarlinja på Stend vidaregåande skule.

Foto: Lene Granli / NRK

Hammaren går taktfast ned i settmeiselen i det Peter Jarane byggjer ein mur.

– Det er veldig utfordrande, men samtidig veldig gøy når ein får det til, seier Jarane.

Metoden er kalla tørrmuring, og som namnet tilseier handlar det om å byggja ein mur utan bindemiddel.

Tørrmuring er ikkje noko nytt, snarare tvert i mot. Det er ein eldgamal tradisjon, og målet er å driva opplæring slik at ein kan ta vare på tradisjonen.

Blir brukt av Vegvesenet

– Eg trur det er viktig å læra seg å tørrmura, fordi det ikkje er eit utdøyande fag, men eit fag som har lege brakk ein del år med tanke på at det har blitt vald betong ved fleire store utbyggingar, seier Sveinung Barland, som er lærar på anleggsgartnarlinja.

Berland meiner at naturstein lønar seg på sikt, samanlikna med betong.

– Naturstein varar evig. Det finst spor etter murar som har stått i tusenvis av år, seier Barland.

Sveinung Barland til venstre og Peter Jarane til høgre.

Sveinung Barland viser Peter Jarane på Stend vidaregåande skule korleis muren skal murast.

Foto: Lene Granli / NRK

Muren dei no set opp, er ei gjenskaping av ein mur som stod der for nokre hundre år sidan.

Under ei utgraving på 2000-talet blei det funne restar på staden.

Tørrmurar kan du sjå fleire plassar som til dømes støttemurar i hagar og parkanlegg.

Du kan også sjå dei i litt større skala langs vegar i heile landet brukar Statens vegvesen denne teknikken. Det stadfestar utbyggingsleiar i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.

Ein av plassane er E39 mellom Rådal i Bergen og Svegatjørn i Bjørnafjorden, som skal rammast inn med naturstein.

Her blir det 18 kilometer med ny motorveg, og mange hundre kvadratmeter med naturstein.

Natursteinmurer rundt Lyshorntunnelen på E39

Natursteinmurer Lyshorntunnelen på E39.

Foto: Lene Granli / NRK

Blir ikkje tagga på

Prosjektleiar på strekninga, Kelly Nesheim Iversen frå Statens vegvesen, seier prislappen er omtrent den same som visst dei skulle brukt betongmurar, men med naturstein får ein eit lågare CO₂-utslepp.

Dette er eit naturprodukt, vi har ikkje brukt noko kjemikaliar. Frakta gjev avtrykk, men når vi gjer opp klimarekneskapen til slutt så kjem den godt ut samanlikna med betongmurane, som kjem svært dårleg ut.

– Kor lenge tenkjer du at det skal stå?

– Tja... det kan no stå i hundre år, dette her. Ein så stor mur som er så godt mura som denne, han kan stå veldig lenge, seier Nesheim Iversen.

Og så er det ein ting til som Statens vegvesen likar med desse murane. Dei sparar utgifter til å fjerna tagging.

Det viser seg at dei får lov til å stå i fred. Det er eg glad for, men eg vil ikkje oppfordra til at dei startar med det nå altså, seier ho.

Kelly Nesheim Iversen

Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen trur murane vil stå minst i hundre år.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Viktig for tradisjonen

Steinen ungdommane på Stend vidaregåande skule brukar er frå Rogaland, medan Vegvesenet brukar stein frå Hardanger.

Direktør ved Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen, seier at det er viktig for tradisjonen at Vegvesenet og den vidaregåande skulen brukar denne forma for mur.

– Det er ein heilt vesentleg del av det å kunne ta vare på eit gammalt handverk, det er at nokon har bruk for det, seier Kristiansen.

Naturstein

Denne muren er tørrmura ein gamal tradisjon.

Foto: Lene Granli / NRK

Han legg til at når slike som Statens vegvesen bestiller desse murane av dei som kan handverket, så blir det ført vidare til nye generasjonar.